Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser * Ugyldige felter er fylt ut, mail sendes ikke.
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Samtykke til handsaming av personopplysningar

Når ulike verksemder handsamar personopplysningar, skal dei i størst mogleg grad basere det på samtykke. Det inneber at du godtek at verksemda behandlar personopplysningar om deg.

Dersom ei verksemd handsamar personopplysingar utan å ha henta inn samtykke, må ho ha eit anna rettsleg grunnlag. Det gjeld til dømes når offentlege verksemder handsamar opplysingar om deg ved ilegging av skatt, eller ved utbetaling av trygd. 

Samtykket skal vere informert

For at eit samtykke skal vere gyldig, må det vere informert. Det inneber at du har fått informasjon som gjer at du kan forstå kva du samtykker til, og kva for konsekvensar det vil få for deg.

Informasjonen du får om handsaminga skal minst omfatte:

  • namn og adresse på verksemda som er ansvarleg (behandlingsansvarleg)
  • kva opplysingane skal brukast til
  • om opplysingane skal leverast ut til andre, og eventuelt til kven  
  • om det er frivillig å gje frå seg opplysingane
  • informasjon som set deg i stand til å bruke rettane dine, slik som å krevje innsyn i eller å få retta eller sletta opplysingane som er lagra
  • kor lenge personopplysingane vil bli handsama eller tekne vare på
  • at du når som helst kan trekkje samtykket ditt tilbake

Samtykket skal vere frivillig

Det skal vere frivillig for deg å samtykke.

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å vite om samtykket er frivillig eller ikkje. Eit døme på dette er når ei verksemd krev samtykke til å handsame opplysingar om deg for å tilby deg ei teneste, eller å tilsetje deg. Om du vil ha tilbodet - til dømes forsikringa eller stillinga - så må du gi samtykke til at personopplysingar blir handsama.

Om samtykket er frivillig eller ikkje, må avgjerast i kvart enkelt tilfelle: Kva blir det spurt etter? Kor belastande vil eit samtykke vere for deg? Er konsekvensane uforholdsmessige om du ikkje samtykker?

Samtykket skal vere uttrykkeleg

«Uttrykkeleg samtykke» inneber at du skal gjere ei aktiv handling for å gje samtykke. Eit døme er at du må sende inn ein svarslipp, setje eit kryss i eit skjema, eller gjere eit tasteval.

Du kan gje samtykke munnleg eller skriftleg, elektronisk eller på papir. Verksemda som mottek samtykket ditt må klart og tydeleg kunne vise:

  • at du har gitt samtykke
  • kva for handsamingar du har gitt samtykke til
  • kva for nokre verksemder samtykket er gitt til

Det er, naturleg nok, lettare for verksemda å sannsynleggjere at du har gitt samtykket, om du har gjort det skriftleg, enn om samtykket berre er gitt munnleg.

Kor lenge gjeld samtykket?

Eit samtykke gjeld til det blir trukke tilbake. Dette gjeld også om foreldre gjev samtykke på vegner av barn under 18 år. Då gjeld samtykket også etter at barnet er myndig og sjølv kan samtykke. Du kan også gi samtykke som gjeld for ein viss tidsperiode. I slike tilfelle gjeld ikkje lenger samtykket når perioden er over.

Samtykke og helseopplysingar i pasientjournal

Kravet til at samtykket skal vere uttrykkeleg kan i visse tilfelle bli oppfyld ved det vi kallar "konkludent åtferd". Det vil seie at vala du tar indikerer at du forstår at opplysingar om deg vil bli registrerte. Eit døme på dette er når du oppsøkjer lege. Då reknar vi med at du er innforstått med at legen har plikt til å dokumentere den helsehjelpa han eller ho gjev.

Unnataka frå konsesjonsplikt for handsaming av pasientopplysingar

Vanlegvis må verksemder ha konsesjon frå Datatilsynet for å handsame sensitive personopplysingar. Det er likevel unntak frå konsesjonsplikta ved handsaming av helseopplysingar i samband med helsehjelp og oppfølging av pasienten. Dette går fram både av pasientjournallova (§ 6) og personopplysningslova (§ 33 sjette ledd) og personopplysningsforskrifta §§ 7-25 og 7-26.

Retting og sletting av opplysingar i pasientjournal

Etter pasient- og brukarrettslova § 5-2, kan du krevje at opplysingar i journalen blir retta eller sletta, etter reglane i helsepersonellova §§ 42 til 44.

Dersom du ønskjer å få retta eller sletta opplysingar i pasientjournalen din, må du be den institusjonen som er ansvarleg for din journal om dette. Dersom du ikkje får medhald der, kan du klage til Fylkesmannen. Fylkesmannen vil be om ei vurdering frå Datatilsynet før dei fattar vedtak i saka. 

Spørsmål og svar

Til toppen