Varsling

Varsle til Datatilsynet

Ein arbeidstakar kan også varsle eksternt ved å gjere Datatilsynet merksam på brot på personvernreglane eller skriftlege interne retningslinjer om personvern.

Måten Datatilsynet følgjer opp varselet på, er avhengig av om varselet gjeld varslarens eigne personopplysningar. Ein organisasjon, for eksempel ei fagforeining kan også representere arbeidstakaren.

Eit varsel til Datatilsynet, der varslaren argumenterer for at eigne rettar etter personvernregelverket er brotne blir rekna som ein klage (jf. personvernforordninga artikkel 57 nr. 1 bokstav f). Ein arbeidstakar kan dessutan sende inn eit varsel om brot på personvernreglane på vegne av andre, for eksempel ein annen arbeidstakar, ved å følgje den same framgangsmåten som for klage.
Les korleis du kan gå fram for å klage til oss

I begge tilfella har Datatilsynet teieplikt om varslarens identitet overfor arbeidsgjevaren (jf. arbeidsmiljølova § 2 A-7). Dersom det er nødvendig å oppheve teieplikta for å undersøkje varselet nærare, vil vi først ta kontakt med den som har sendt inn varselet.

Kven som helst kan dessutan velje å sende inn eit anonymt tips. Du vil då ikkje få tilbakemelding, utover at tipset er mottatt.

I motsetnad til tips, har Datatilsynet plikt til å behandle og undersøke klagar vi mottek i den grad det er hensiktsmessig. Varslaren er part i klagesaka og blir difor orientert i løpet av klagebehandlinga. Ved lovbrot kan Datatilsynet gje arbeidsgjevaren korrigerande tiltak, der det strengaste tiltaket er gebyr.