Varsling

Varsling og personopplysningar

Både den som varslar internt og den som er omtalt i varselet (eller i oppfølginga av det), kan ha rettar etter personvernreglane. Det avgjerande er om dokumenta inneheld personopplysningar om dei. 

Kva for personopplysningar som står i varselet og i oppfølginga hos arbeidsgivaren er avhengig av korleis varselet er utforma.

Les meir om kva for rettar du har etter personvernforordninga

Varselet kan innehalde:

  1. Personopplysningar om varslaren. Varselet inneheld som regel namnet på den som varslar. Ein varslar kan også velje å varsle anonymt. Dersom nokon vel å varsle anonymt, er det viktig å vere klar over at det kan vere vanskelegare for arbeidsgivaren å følgje opp varselet med undersøkingar.
    Identiteten til varslaren kan også gå fram av opplysningane i varselet, uavhengig av om varslaren sjølv har sagt namnet sitt. Eit eksempel er når varslaren skildrar arbeidssituasjonen eller avdelinga si på ein slik måte at arbeidsgivaren skjønar kven som har skrive varselet.

    I tillegg kan varselet innehalde andre personopplysningar om varslaren.
  2. Personopplysningar om den eller dei som varselet gjeld. Dersom eit varsel peikar på nokon i verksemda som er ansvarlege for det kritikkverdige forholdet, inneheld varselet personopplysningar også om den ansvarlege. Den eller dei som er omtalt i varselet har dermed også rettar etter personvernregelverket, i tillegg til arbeidsmiljølova.

I innleiinga såg vi at det er mykje som blir rekna som varsling om kritikkverdige forhold. Det vil seie at det kritikkverdige forholdet ikkje treng å vere så alvorleg før det blir rekna som eit varsel. Mange varsel kan derfor også vere raske å følgje opp. Omfanget av personopplysningar vil som regel variere med kompleksiteten.

Eksempel 1 - varsel om eit forhold arbeidsgivaren enkelt kan rette opp i (få eller ingen personopplysningar)

Ein arbeidstakar seier frå til arbeidsgivaren om at rømningsvegen i lokalet er blokkert av ei tung kasse (brot på forskrift om brannførebygging § 11). Varselet inneheld ikkje opplysningar om kven som er ansvarleg for brotet. Arbeidsgivaren kan raskt undersøkje varselet og få nokon til å fjerne kassa. Eit slikt lovbrot kan ein handtere raskt, effektivt og utan unødvendig byråkrati.

Personopplysningar i eit slikt varsel er eventuelt berre namnet på varslaren.

Eksempel 2 - varsel om meir komplekse forhold (fleire personopplysningar)

Verksemder får også meir komplekse og krevjande varsel. Ein påstand om seksuell trakassering eller brot på reglar om økonomihandtering, er eksempel på slike varsel. Slike varsel har fleire personopplysningar om den skulda. Dersom det er den som oppfattar seg som trakassert som varslar, har varselet detaljerte personopplysningar om både varslaren og den skulda.

I tillegg til at handteringa av slike varsel stiller krav til at arbeidsgjevaren følgjer prinsippa for saksbehandling i arbeidsmiljølova, har den som er omtalt i varselet også rettar etter personvernregelverket.

Kven skal følgje reglane om personvern ved varsling?

Arbeidsgivaren vil som hovudregel vere behandlingsansvarleg etter personvernforordninga. Dette er den som har ansvar for å følgje krava i regelverket.

Andre enn arbeidsgivaren kan også bli rekna for å vere behandlingsansvarleg, dersom dei "bestemmer formålet med behandlingen av personopplysninger og hvilke midler som skal benyttes" (artikkel 4 nr. 7).

Ein rein teknisk leverandør av tenester for å ta imot varsel, for eksempel ved ein nettportal, vil ikkje bli rekna for å vere behandlingsansvarleg, men databehandlar. Det same gjeld eksterne leverandørar som gjennomfører undersøkingar på vegne av arbeidsgivaren etter eit varsel.

Les meir om kva ein behandlingsansvarleg er og konsekvensane av om du er behandlingsansvarleg eller ikkje.