Varsling

Varsling

Varsling i arbeidslivet er når ein arbeidstakar seier frå om eit kritikkverdig forhold på eigen arbeidsplass. Kva som er kritikkverdige forhold er definert i arbeidsmiljølova.

Innleiing

Det er innhaldet i det dei seier frå om og kven som seier frå, som avgjer om det er eit varsel. Måten arbeidstakaren seier frå på og kva han eller ho kallar det, har ikkje noko seie. Det er ikkje krav til "form", så varselet treng ikkje vere skriftlig.

Vi deler varsling inn i to hovudgrupper:

  1. Intern varsling er at arbeidstakaren seier frå til nokon på sin eigen arbeidsplass, for eksempel næraste leiar, tillitsvald, verneombodet eller personvernombodet.
  2. Ekstern varsling er at arbeidstakaren seier frå til nokon utanfor arbeidsplassen, for eksempel varslar til offentlege tilsyn, slik som Datatilsynet (sjå siste kapittel), eller til media.

Du kan lese meir om varslingsregelverket i arbeidsmiljøloven på Arbeidstilsynets nettsider.

I denne retteleiinga konsentrerer vi om intern varsling til ein representant på arbeidsstaden, og går gjennom korleis arbeidsgivaren kan handtere varsling og personvern. I siste kapittel skriv vi kort om ekstern varsling til Datatilsynet.