Intern varsling

Rett til informasjon og innsyn

Personvernreglane gir arbeidstakarane som er involvert i varsling viktige rettar. Dei mest aktuelle er: rett til informasjon og rett til innsyn. Samtidig er partane usikre og ueinige om kor langt rettane går, og i kor stor grad arbeidsgivaren kan gjere unntak.

Rett til informasjon

Etter personvernforordninga har arbeidsgivaren har som hovudregel plikt til å informere både varslaren og den som er omtalt i varselet. Dette gjeld både når informasjonen er samla inn frå arbeidstakaren sjølv og frå andre, ved for eksempel faktaundersøkingar.

Les meir om den generelle plikta til å gi informasjon

For varslaren

Det er særleg aktuelt å informere varslaren dersom det er samla inn personopplysningar om varslaren i samband med undersøking og oppfølging av varselet. Varslaren har etter personvernforordninga rett til informasjon om at opplysningar er samla inn om han eller henne så snart som mogleg, og seinast innan ein månad etter at opplysningane er samla inn.

Varslaren har ofte behov for informasjon for å kunne be om innsyn og ta stilling til om varslaren er utsett for gjengjelding. Varslingsreglane i arbeidsmiljølova presiserer at arbeidstakarar som varslar om kritikkverdige forhold, er verna mot gjengjelding.

For den som er omtalt i varselet

Den skulda (den det er varsla om) har, på same måte, som hovudregel rett til informasjon om varselet så snart som mogleg og seinast innan ein månad etter at opplysningane er samla inn.

Informasjon er ein føresetnad for at den skulda skal kunne be om innsyn i personopplysningane om han eller henne. Det er viktig for at den skulda skal kunne få fram sitt syn.

Eit viktig spørsmål er om den skulda har rett til informasjon om kven som har varsla. I reglane om informasjon står det at retten gjeld "fra hvilken kilde personopplysningene kommer fra" (jf. artikkel  14 nr 2 f). Vi har ikkje tatt stilling til om denne retten omfattar informasjon om varslarens identitet.  

Rett til innsyn

Både varslaren og den skulda kan be om innsyn i personopplysningane som arbeidsgivaren behandlar om dei. Hovudregelen er at arbeidstakarane får innsyn i form av ein kopi av personopplysningane som blir behandla.

Les meir om den generelle retten til innsyn

For den skulda

Den det blir varsla om har ofte eit ønskje om å få vite kven som har varsla for å kunne forsvare seg. Retten til innsyn etter personvernforordninga inkluderer "all tilgjengelig informasjon om hvor personopplysningene stammer fra". "All tilgjengeleg informasjon" talar for at retten til innsyn som eit utgangspunkt inneber retten til å få vite kven varslaren er, så lenge arbeidsgivaren sjølv veit dette. 

Dersom varslaren har valt å vere anonym, har ikkje arbeidsgivaren denne informasjonen tilgjengeleg. Personvernreglane pålegg ikkje arbeidsgivaren å skaffe informasjon om kven varslaren er.

For varslaren

Varslaren vil ofte ha behov for innsyn i personopplysningar om seg sjølv i fasen der arbeidsgivaren undersøkjer varselet. Ofte ønskjer varslaren å vite kven som har uttalt kva om han eller henne, for eksempel i ein prosess med kartlegging av  arbeidsmiljøet.

Unntak

Rettane til informasjon og innsyn er likevel ikkje absolutte. Personopplysingslova § 16 gir unntak frå både retten til informasjon og innsyn. 

I neste kapittel vil vi kome meir inn på desse unntaka.