Organiseringa av Datatilsynet

Datatilsynet har kring 50 tilsette fordelt på to fagavdelingar, ei kommunikasjonsavdeling og ei administrasjonsavdeling.

DirektørBjørn Erik Thon

Direktør for tilsynet er Bjørn Erik Thon som er inne i sin andre åremålsperiode. 

 

Avdeling for handheving av regelverk, internasjonal samhandling og sanksjonar

Jørgen Skorstad

Avdelingsdirektør Jørgen Skorstad (biletet) har det overordna ansvaret for juridisk praksis i Datatilsynet og for vårt internasjonale arbeid.

Avdelinga består av tre seksjonar:

Seksjon for offentlege tenester (seksjonsleiar Camilla Gullborg Nervik) har mellom anna hovudansvar for politi- og justissektoren, offentleg forvaltning, skule- og barnehagesektoren, helsesektoren og personvern i arbeidslivet.

Seksjon for private tenester (seksjonsleiar Ylva Marrable) har mellom anna hovudansvar for bank- og finanssektoren, krenkingar på internett, kameraovervaking, lydopptak med meir.

Internasjonal seksjon (seksjonsleiar Tobias Judin) har hovudansvar for utlendingsforvaltninga og vårt internasjonale arbeid.

Avdeling for teknologi, analyse og sikkerheit

Hallstein Husand

Avdelingsdirektør Hallstein Husand (biletet) har det overordna og faglege ansvaret for tilsynsarbeidet i Datatilsynet. Han har og ansvar for det systematiske arbeidet med informasjonstryggleik og for interne IT-driftsoppgåver.

Avdelinga har hovudansvar for drift og digitalisering, tilsynsmetodikk, analyse og strategiarbeid. Avdelinga består av ein stab med eit teknologisk fagmiljø, og Seksjon for analyse, utgreiing og politikk (seksjonsleiar Catharina Nes). 

Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Janne Stang DahlKommunikasjonssavdelinga vert leia av kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl (biletet), og har mellom anna ansvar for pressekontakt, datatilsynet.no, personvernbloggen.no og sosiale medier. 

Dei tilsette i avdelinga gir kommunikasjonsfaglege råd i ulike prosjekt, og produserer veiledningsmateriell og nyheitsmeldingar i samarbeid med seksjonane og leiinga.

Til denne avdelinga høyrer også Ressurseining for veiledning og enkel sakshandsaming som er vår førstelinjeteneste.

Administrasjonsavdelinga

Kjersti PettersenAvdelingsdirektør Kjersti Pettersen (biletet) har mellom anna det overordna personalansvaret.

Avdelinga har ansvar for lønn, rekneskap, budsjett, sentralbord, arkiv, bibliotek, internkontroll og rapportering til overordna departement. Avdelinga handsamar også krav om innsyn i saksdokument.

 

Organisasjonskart

organisasjonskart-okt2019.jpg

12