Organiseringa av Datatilsynet

Datatilsynet har kring 70 tilsette (inkludert studentar) fordelt på to fagavdelingar, ei kommunikasjonsavdeling og ei administrasjonsavdeling.

DirektørBjørn Erik Thon

Direktør for tilsynet er Bjørn Erik Thon som er inne i sin andre åremålsperiode. 

 

Avdeling for handheving av regelverk, internasjonal samhandling og sanksjonar

Jørgen Skorstad

Avdelingsdirektør Jørgen Skorstad (biletet) har det overordna ansvaret for juridisk praksis i Datatilsynet og for vårt internasjonale arbeid.

Avdelinga består av tre seksjonar:

Seksjon for offentlege tenester (seksjonsleiar Camilla Gullborg Nervik) har mellom anna hovudansvar for politi- og justissektoren, utlendingsforvaltninga, helsesektoren, offentleg forvaltning, skule- og barnehagesektoren.

Seksjon for private tenester (seksjonsleiar Ylva Marrable) har mellom anna hovudansvar for bank- og finanssektoren, personvern i arbeidslivet, næringsliv og handel, samt problemstillingar knytta til internett slik som adtech og uønska publisering av personopplysningar.

Internasjonal seksjon (seksjonsleiar Tobias Judin) har hovudansvar for overføring av personopplysningar til tredjeland og vårt internasjonale arbeid.

Avdeling for teknologi, analyse og sikkerheit

Veronica Buer

Avdelingsdirektør Veronica Jarnskjold Buer (biletet) har det overordna ansvaret for tilsynsarbeidet i Datatilsynet, samt informasjonstryggleik og interne IT-driftsoppgåver.

Avdelinga har hovudansvar for drift og digitalisering, tilsynsmetodikk, analyse og strategiarbeid, og har mellom anna ansvar for innebygd personvern og den regulatoriske sandkassa for kunstig intelligens.

Avdelinga består av tre seksjonar:

Seksjon for teknologi, sikkerheit og tilsyn skal halde seg oppdatert på teknologiske trender og informasjonssikkerheit. Arbeidet omfattar teknologiske vurderingar av personopplysningssikkerheita, tilsyns- og prosjektarbeid. 

Seksjon for analyse, utgreiing og politikk (seksjonsleiar Kari Lauman) skal følgje med på område som påverker personvernet og politiske prosessar i Stortinget, regjeringa og i samfunnet for øvrig. Seksjonen har ansvar for kontakt med relevante FoU-miljø, og jobbar for å få personvern inn i utdanningsløp. Seksjonen skal også analysere og utrede ulike fenomen, samt kunnskapen vi kan hente ut gjennom saksbehandlinga, henvendelsar til veiledningstenesta og tilsyn.

Seksjon for intern IKT, tryggleik og etterleving (seksjonsleiar Haakon Hegstad) har ansvar for å drifte og vedlikehalde Datatilsynets system og infrastruktur. Seksjonen har og ansvar for vårt eige internkontroll- og tryggleiksarbeid, og skal sjå til at vi etterlever ulike lovverk ved rutinemessige risikovurderingar.

Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Janne Stang DahlKommunikasjonssavdelinga vert leia av kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl, og har mellom anna ansvar for pressekontakt, datatilsynet.no, personvernbloggen.no og sosiale medier. 

Dei tilsette i avdelinga gir kommunikasjonsfaglege råd i ulike prosjekt, og produserer veiledningsmateriell og nyheitsmeldingar i samarbeid med seksjonane og leiinga.

Til denne avdelinga høyrer også Ressurseining for veiledning og enkel sakshandsaming som er vår førstelinjeteneste og der studentane er tilknytta.

Administrasjonsavdelinga

Kjersti PettersenAvdelingsdirektør Kjersti Pettersen har mellom anna det overordna personalansvaret.

Avdelinga har ansvar for lønn, rekneskap, budsjett, sentralbord, arkiv, bibliotek, internkontroll og rapportering til overordna departement. Avdelinga handsamar også krav om innsyn i saksdokument.

 

Organisasjonskart

organisasjonskart-sept2021.jpg