Klasselister er offentlege dokument

Elevlister eller klasselister er offentlege dokument, og er dermed omfatta av hovudregelen om innsynsrett etter offentleglova. Det er ikkje eit krav at den som ber om innsyn har ein sakleg grunn, einkvar kan krevje å få utlevert offentlege dokument.

Justisdepartementet stadfesta i 2009 at elevlister er offentlege dokument, og dermed omfatta av hovudregelen om innsynsrett. Dersom elevlistene berre inneheld informasjon om namn, adresse, telefonnummer, epost og eventuelt fødselsnummer, er i utgangspunktet ingen delar av elevlista unnateke dersom nokon ber om innsyn. (Offentleglova er i tida etter denne stadfestinga blitt endra, slik at det no er mogleg å gjere unnatak frå offentleg innsyn for fødselsnummeret. Det er ikkje innført teieplikt, men ein legg til grunn at fødselsnummeret bør utelatast om det ikkje er særleg gode grunnar som talar for at det må vere med.)

Ulik praksis i skulane

For å gjere det lettare å kunne ta kontakt med kvarandre, er det eit velgrunna ønskje frå foreldre og elevar å få utlevert elevlister (klasselister) med namn og kontaktinformasjon. Ei slik utlevering vil vere tillatt etter både personvernregelverket og offentleglova med mindre det er opplysningar som er underlagt teieplikt. 

Nokre etatar har derimot vurdert at klasselistene kan unnatakast frå innsyn ved å berre nytte det som eit internt dokument. Det gjer at listene heller ikkje kan delast ut til foreldra. Det er imidlertid opp til kvar einskild verksemd/etat å tolke offentleglova, så eventuelle klagar må rettast direkte dit.

Teieplikt i nokre tilfelle

Teieplikta vil gjelde dersom nokon av elevane har hemmeleg telefonnummer eller adresse, eller dersom adressa røper eit forhold som er som personleg, (til dømes at vedkomande bur på ein barnevernsinstitusjon). I dei tilfella der adressa er sperra (hemmeleg), vil óg namnet vere underlagt teieplikt. Dersom det i elevlista kjem fram opplysningar om at eleven får tilrettelagt undervisning grunna ulike typar handikap eller åtferdsproblem, vil teieplikta óg gjelde.

Skulane er ansvarlege

På grunn av risikoen for at personopplysningane kan kome på avvegar, tilrår Datatilsynet at skulane syner stor varsemd ved kva personopplysningar dei leverer ut. Kommunen vil kunne vere erstatningspliktig dersom ein gløymer å sladde hemmelege adresser eller det skjer andre brot på teieplikta.

Ikkje på nett

Etter offentleglova kan offentlige dokument publiserast på internett. Opplysningar som er underlagt teieplikt, sensitive opplysningar og personnummer derimot skal ikkje publiserast. Datatilsynet meiner likevel at skulane av omsyn til personvernet ikkje bør publisere elevlister på nett. 

21