Sandkassa opnar for nye søknader

No er det igjen muleg å søke om deltaking i Datatilsynets sandkasse for kunstig intelligens. Fristen er 25. mars, og potensielle søkarar må vere klare til å utforske personvernet i prosjektet sitt saman med Datatilsynet frå juni av.

Utviklinga av kunstig intelligens skjer i eit rasande tempo.

20211025_Datatilsynet_Kari_015.jpg– Det er ikkje i seg sjølv negativt, men det fører med seg visse utfordringar, seier  Kari Laumann, programleiar for sandkassa.

For på eit så ferskt felt som kunstig intelligens  er det nemleg lite rettspraksis å vise til. Teknologien ligg i forkant av jussen. Tidvis støyter teknologien på regelverk utmeisla før kunstig intelligens var ei aktuell problemstilling. Det kan vere smart å kople på god juridisk og teknologisk personvernkompetanse, før ein investerer for mykje i eit produkt eller ei teneste som potensielt kjem på kant med regelverket.

Innovasjonstiltak

Sandkassa er ingen festbrems. Tvert om. Sandkassa er eit tiltak oppretta i kjølvatnet av den nasjonale strategien for kunstig intelligens, og hovudformålet er å fremme innovasjon av ansvarleg kunstig intelligens. Den skal bidra til at det blir mindre eitt-steg-fram-og-to-tilbake i utviklinga.

Sandkassa er altså eit tilbod der samfunnsvitskapleg, juridisk og teknologisk kompetanse frå Datatilsynet samarbeider med KI-utviklerar om å finne personvernvennlege løysingar. Deltakarane får svar på spørsmåla sine og forhåpentlegvis løysingar på eventuelle problem. Samtidig får Datatilsynet får anledning til å gå i djupna på GDPR-relaterte problemstillingar innan kunstig intelligens, og dermed utviklar jussen seg ved at juridiske gråsoner blir kartlagt.

Gode erfaringar

Når sandkassa no opnar postkassa for nye søknader med frist 25. mars, kan Laumann vise til gode erfaringar frå to rundar. NAV, Secure Practice, KS og Age Labs er alle ferdige med sine sandkasseprosjekt. Finterai, Simplifai og Helse Bergen HF er godt i gang med si utforsking.

Les sluttrapportar frå dei avslutta prosjekta.

For kvar enkelt sandkassedeltakar er det ein unik anledning til å få med seg personvernekspertane i Datatilsynet på å gå djupt i problemstillingane. Å få denne type grundig rettleiing er ikkje noko Datatilsynet har anledning til å tilby enkeltaktørar utanfor sandkassa.

Ønsker spreiing

Det blir stilt nokre grunnleggande kriterier til sandkassesøkarane, mellom anna at KI-løysinga må nytte persondata. Bortsett frå det opnar sandkassa for et vidt spekter av søkarar frå både privat og offentleg sektor, store og små aktørar og frå alle bransjar. Og Laumann har et godt råd til dei som kastar seg over søknadsskjemaet:

– Det er viktig for oss at søkarane har ein eller fleire konkrete problemstillingar knytt til kunstig intelligens og personvern. Og elles er vi spesielt interessert i å velje prosjekt som tek for seg tema fleire lurer på.

Gå til søknadssida for praktisk informasjon om søknadsprosessen.

Last ned

Følg med på det som skjer i sandkassa ved å abonnere på vårt nyhetsbrev, der du får invitasjoner og informasjon om søknadsfrister, møter, webinarer og arrangement som er relevant for alle som er opptatt av ny, ansvarlig kunstig intelligens.

Meld deg på Sandkassebrevet.