Kredittvurdering
Kredittvurdering eller kredittsjekk kan gjerast dersom ei verksemd treng å vite om har betalingsevne (har kredittevne). Verksemda kan berre be om kredittsjekk dersom det er sakleg grunn for det. Her er ein gjennomgang av reglane.
Kredittvurdering eller kredittsjekk kan gjerast dersom ei verksemd treng å vite om har betalingsevne (har kredittevne). Verksemda kan berre be om kredittsjekk dersom det er sakleg grunn for det. Her er ein gjennomgang av reglane.
Dersom du gjer ein avtale som inneber at du får kreditt, for eksempel når du kjøper ei vare du skal betale med faktura, kan det vere at dei du kjøper av har ein slik sakleg grunn for å sjekke om du kan betale.
Ei verksemd kan ikkje gjere ein kredittsjekk av deg dersom du betaler kontant for vara du kjøper.
Dersom du har blitt kredittvurdert, skal du få eit gjenpartsbrev som informerer om at det er gjort ei slik vurdering. I somme tilfelle kan gjenpartsbrevet vere elektronisk.
Brevet skal mellom anna innehalde opplysingar om
Dersom du ikkje forstår kvifor, eller er ueinig i at det er gjort ei kredittvurdering av deg, kan du be om ei forklaring frå den verksemda som har bede om kredittvurderinga.
Du kan sjølv setje ei frivillig sperre mot kredittvurdering hos kredittopplysingsverksemdene. Då kan ikkje andre hente inn kredittopplysningane dine utan at du hever sperra fyrst. Dette er praktisk viss du er uroa for ID-tjuveri (til dømes at andre skal ta opp lån i namnet ditt).
Merk: Sperra gjeld ikkje ved utlevering av kredittopplysningar til bankar og finansieringsinstitusjonar når opplysningane skal nyttast i samband med bankane sine risiko- og soliditetsvurderingar. Sperra gjelder heller ikkje ved førespurnadar frå inkassobyrå i samband med porteføljevask og ved vurdering og inndriving av krav.
For å setje sperre må du ta direkte kontakt med kredittopplysingsbyråa. Datatilsynet har gjeve konsesjon til fire verksemder som kredittvurderer privatpersonar. Du finn oversikt over kredittvurderingsbyråa under.
Datatilsynet har dessverre ikkje full oversikt over alle kredittvurderingsverksemder. Vi har teke initiativ til ei felles sperreløysing i Brønnøysundregistera, men det er førebels ikkje sikkert om ei slik løysing vil kome i stand.
Kredittopplysningslova blei vedteke i desember 2019. Barne- og familiedepartementet er i ferd med å ferdigstille forskrifta som høyrer til, slik at den nye lova snart vil tre i kraft. Den nye kredittopplysningslova vil erstatte dagens forskrift og konsesjonsordning.
Eksempel på standardkonsesjon til kredittopplysningsverksemd (pdf)
E-post:
Telefon: 22 45 93 40
Postadresse: Bisnode, avd. Databank, Postboks 1419 Vika, 0115 Oslo
Telefon: 800 24 722
E-post:
Postadresse: Creditsafe Norge, Box 320, 412 50 Gøteborg, Sverige
Telefon: 815 55 420
Fax: 850 20 218
E-post:
Postadresse: Postboks 5275 Majorstuen, 0303 Oslo
Telefon: 23 14 45 40
E-post:
Postadresse: Tietoevry Norway AS, Data Services, Postboks 4, 1330 Fornebu