21. desember

Julenissen har i alle år promotert glede, og arbeidet på nissens verkstad har blitt framstilt som ein leik. Vårt #juletilsyn har no avslørt at stemninga ikkje er udelt euforisk.

Om julekvelden skal alle sammen være glad_1220p.jpgGlansbildet nissen har vist fram i Disney-filmar og Cola-reklamar stemmer ikkje med røynda. Datatilsynets utsending til Nordpolen har avdekka dårleg stemning og dokumentert sure miner. 

Nissen har prøvd seg med bortforklaringar om at alvane ikkje er menneske, og at arbeidsmiljølova dermed ikkje gjeld for dei. Eller at dei er mindreårige, som om det gjer saka noko bedre. Siste forklaring var at dei driv med sesongarbeid, og dermed får unntak frå regelverk om normalarbeidstid.   

Akkurat det er Arbeidstilsynets bord å vurdere. Men det er sider ved denne saka, som gjer juletilsynet uroa for personvernets kår i arbeidslivet på Nordpolen. 

For - korleis har det vore muleg å halde denne misnøya under overflata? Er det til dømes eit hint om at det ikkje fins gode varslingsrutinar? Datatilsynet har saman med Arbeidstilsynet laga rettleiing for personvern i arbeidslivet, og juletilsynet har pålagt nissen å pugge desse sidene.

Les om varsling i arbeidslivet

Juletilsynet har også avdekka at nissemor køyrer ein tvilsam praksis i si drift av alvekantina. For å frigjere tid til nissekos med nissefar samtidig som ho har kontroll på at alvane gjer jobben slik dei skal i kantina, har ho montert ein rekke kamera.

Nissemor forklarer den heftige mengda med kamera, med at alvane er små, og at det derfor trengs ekstra mange kamera for å klare å fange dei opp. Problemet er berre at nissemor har plassert kamera som fangar opp rom og situasjonar der alvane burde få privatliv. Derfor har nissemor også fått nokre sider ho må lese nøye.

Les om overvaking i serverings- og overnattingsbransjen