Leggje til rette for brukarens rettar

Dersom kundar eller brukarar nyttar ein av rettane sine, har verksemda plikt til å leggje til rette for å vurdere, utføre og gje tilbakemelding om det som er ønska innan tidsfristen.

Verksemda må leggje til rette for at kundar eller brukarar kan nytte rettane sine på ein enkel måte. Det bør vere høve til å gjere førespurnader om eigne rettar elektronisk. Vidare må verksemda setje av ressursar til og ha system for å vurdere førespurnadene frå privatpersonar.

Les meir om rettane den einskilde har

Tidsfristar

Når verksemda får ein førespurnad som gjeld utøving av ein rett, til dømes at nokon ber om innsyn i sine eigne personopplysningar, skal verksemda utan ugrunna opphald og seinast innan ein månad

  • vurdere førespurnaden
  • utføre den etterspurde handlinga
  • gje personen eit svar

Unnataksvis, til dømes viss verksemda får mange kompliserte førespurnader på same tid, kan det vere at ho ikkje er i stand til å handsame alle innan ein månad. I så fall skal verksemda, før fristen går ut, seie frå om og grunngje forseinkinga. Samstundes blir tidsfristen utvida med to månader.

Det kan vere at retten ikkje gjeld i eit gitt tilfelle. I så fall må verksemda utan ugrunna opphald og seinast innan ein månad grunngje kvifor ho ikkje vil utføre den etterspurde handlinga.

Identitetskontroll

Verksemda har ansvar for at personopplysningar ikkje blir gjorde tilgjengelege for uvedkomande. Viss det er rimeleg tvil om identiteten til den som har gjort førespurnaden, kan verksemda be om meir informasjon for å stadfeste identiteten. Ei avgjerd kan til dømes vere å krevje svar på førehandsdefinerte tryggleiksspørsmål.

Skal vere gratis

Å bruke rettane sine skal vere gratis. Det vil seie at verksemda må sjå til at den einskilde direkte eller indirekte ikkje må betale for å få rettane sine. Unnatak gjeld viss førespurnaden er openbert grunnlaus eller overdriven (til dømes dersom forespurnaden vert gjenteken heile tida). Då kan verksemda ta eit rimeleg administrasjonsgebyr.

Alternativt kan verksemda avvise førespurnaden. Dette er rett nok eit snevert unnatak, og verksemda har bevisbyrda for at unnataket gjeld. Hovudregelen er at den einskilde kan bruke rettane sine gratis og utan å måtte forklare seg.