Høyring om handtering av varsel om vald og trakassering i arbeidslivet

Datatilsynet har sendt høyringssvar til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Høyringa gjeld ratifikasjon av "ILO-konvensjon nr. 190 om avskaffelse av vold og trakassering i arbeidslivet, og om endringer i arbeidsmiljølovens regelverk om trakassering".

Bakgrunnen for Datatilsynets høyringssvar er at arbeidsgjevarar som skal handtere varsel om vald og trakassering, må følgje personvernreglane. Desse reglane er generelle, og det er vanskeleg for arbeidsgjevarane å vite kor mykje informasjon dei kan og skal gje.

I høyringssvaret forklarer vi korleis vi tolkar dagens regelverk og kva for spørsmål som er lite avklart. Kjernespørsmåla er retten til informasjon og kontradiksjon for den som er skulda for vald eller trakassering, sett opp mot ønsket om anonymitet frå varslaren og andre kollegaer som uttaler seg.

Personvernforordninga opnar for å gje spesialreglar om handtering av personopplysningar ved vald og trakassering. Datatilsynet oppmodar i høyringssvaret Arbeids- og inkluderingsdepartementet til å gje tydelegare reglar.

Last ned

Les heile høyringssvaret frå Datatilsynet (pdf)