Pålegg om å utbetre samtykkeløysingar

Datatilsynet ber selskapet Smartere Utdanning AS om å utbetre løysinga dei har for å hente inn samtykke, slik at den oppfyller krava i personvernforordninga.

Bakgrunnen er ei klage frå ein enkeltperson, som reagerte på at ho fekk reklame frå Smartere Utdanning AS på Facebook og e-post.

- Klagaren, som tidlegare hadde tatt eit gratis webinar via selskapet, opplevde å få marknadsføring på Facebook og e-post utan å ha samtykka til det. Dette skjedde trass i at klagaren gjentekne gongar hadde bede om å få personopplysningane sine sletta, seier juridisk rådgivar Ole Martin Moe.

Smartere Utdanning meinte at alle som nytta tenestene deira automatisk samtykka til marknadsføring på Facebook og på e-post. Ifølge selskapet hadde klagaren derfor allereie samtykka til marknadsføringa då ho tok eit kurs, ettersom dette sto i personvernerklæringa deira.

Les mer om samtykke og behandlingsgrunnlag

Målretta publikum

Smartere Utdanning marknadsfører seg på e-post og på Facebook via såkalla «målretta publikum». Ved å laste opp kundelister til Facebook, kan den sosiale plattforma matche listene med eksisterande Facebook-profilar og målrette annonser mot desse. 

Etter å ha undersøkt saka har Datatilsynet konkludert med at denne måten å innhente samtykke på, bryt med personvernforordninga. Den krev at eit samtykke skal vere frivillig og spesifikt.

- Det er eit grunnleggande krav i personvernforordninga at ein skal kunne samtykke frivillig og spesifikt til behandlinga av eigne personopplysningar. Vi skal sjølv kunne velje om vi vil samtykke til marknadsføring når vi kjøper ei teneste. Ein skal for eksempel ha moglegheit til å samtykke til éin type marknadsføring på e-post, utan å samtidig måtte samtykke til marknadsføring på Facebook, seier Moe.

På bakgrunn av dette har Datatilsynet pålagt Smartere Utdanning å endre måten dei hentar inn samtykke på, slik at dette skjer i samsvar med krava i personvernforordninga. Selskapet er også bedne om å slette personopplysningar om klagaren.

Smartere Utdanning AS har tre vekers klagefrist frå dei mottar vedtaket.

Last ned