23. desember

Om du definerer Rudolf og co som villrein eller tamrein er ikkje det avgjerande for om kameraet på taket ditt juridisk er eit viltkamera eller eit ulovleg overvakingskamera. I vårt #juletilsyn tek vi i dag for oss ei tilbakevendande misforståing.

Viltkamera_1220p.jpgDatatilsynets rettleiingstjeneste får frå tid til annan telefonar frå folk som har kjøpt viltkamera, og som meiner å ha lest at det er temmeleg fritt fram for å sette opp slike viltkamera. Då har heldigvis våre juristar god erfaring med å oppklare den tilbakevendande misforståinga.

Slik kjem du i kontakt med rettleiingstjenesta.

På mange måtar kan vi seie at det ikkje er muleg å kjøpe seg eit viltkamera. Det er ikkje teknologien eller designet av sjølve kameraet som er relevant for om det i juridisk forstand kan kallast eit viltkamera. Då er det berre bruken som betyr noko. Kor du plasserer det? Kva kameraet kan fange opp? Kva som er mest eller minst truleg at du fangar opp?

Eit kamera på taket på permanent basis for å fange opp ein reinsdyrflokk og ein slede som eventuelt passerer ei natt i året, vil til dømes vere tvilsamt. Du kan heller ikkje skjule deg bak at det du vil fange på film er ville tilstander. 

Les gjerne meir om viltkamera på Datatilsynets sider, enten du vil sette opp eit sjølv, eller om du fryktar å bli forveksla med vilt og bli foreviga mot di vilje.