22. desember

Er det eit fly? Er det ei stjerne? Er det Superman? Nei, og det er heller ikkje julenissen. Det er ein drone. Ein av eit utal droner, som blinkar på himmelen. Kan du tippe korfor vårt #juletilsyn har fokus på droner i dag?

Prøve finne leia der naboens drone er_1220p.jpgKorfor juletilsynet har fokus på droner? Av frykt for at dronene har fokus på oss, utan at droneføraren har ei god forklaring eller i det heile har forklart oss at han gjer det.

Det er grunn til å tru, at det også i år vil ligge droner under mange juletre. Før dei blir tekne i bruk, er det viktig at droneføraren set seg inn i regelverket. Ja, kanskje er det smart å lese litt i regelverket før du vurderer å gi bort ein drone til jul, også? Det kan jo vere at den bruken du ser for deg, eigentleg ikkje er lovleg?

Les om droner - kva er lov?

Julenissen har forresten avslørt til Datatilsynets utsending på tilsyn, at han vurderer å erstatte slede og reinsdyr med droner. Han ser fram til å kunne nyte julekvelden heime på Nordpolen, mens dronene tek seg av pakkeleveringa. 

Desse planane reiser ein rekke personvernproblemstillingar, og nissen har lova å søke på neste runde i Datatilsynets regulatoriske sandkasse for ansvarleg kunstig intelligens, slik at vi i samarbeid kan sørge for å innarbeide godt personvern heilt frå start i dette teknologiske spydspissprosjektet.

Les meir om Datatilsynets sandkasse.