20. desember

Julenissen har gjort omfattande oppgraderingar på informasjonstryggleiksfronten i løpet av vårt #juletilsyn. Men éin ting let seg ikkje idiotsikre: hans eigen hjerne.

Gløymt passordet_nyn.jpg

Vi assosierer som regel det å gløyme med noko negativt. Og julenissen er nok ikkje særleg mottakeleg for andre innfallsvinklar, der han svettar og sverter andre makter i forsøket på å hugse passordet til sitt eige digitale gåvehandteringssystem. Men vi andre kan dvele litt ved gløymselens positive sider.

«Om du registrerer eller registreres, like fullt så skal der kunne korrigeres», ville kanskje Peer Gynt sagt, om han levde i vår digitale tidsalder. Retten til å bli gløymt, kallar vi det gjerne i personvernsamanheng. Og den retten er viktig når så mykje av liva og aktivitetane våre blir registert digitalt - både av oss sjølv og av andre.

Les om retten til sletting på Datatilsynets nettsider.

No vart mykje av det same registrert, notert, dokumentert og publisert i den analoge verda også. Men dei potensielle seinverknadane av dette, var mykje mindre den gang vi berre brukte penn og papir.    

Datatilsynets avdelingsdirektør Veronica Jarnskjold Buer har skrive eit tankevekkande innlegg om dette på Personvernbloggen.

Les innlegget «Glemmeboken som forsvant».