25 søkarar til sandkassa

- Det er eit tydeleg teikn på at det skjer mykje spennande KI-innovasjon i Norge, og at det er eit ønske om å verne personvernet på ein god måte, seier Kari Laumann. Ho er prosjektleiar for Datatilsynets ferske tilbod, ei regulatorisk sandkasse for ansvarleg kunstig intelligens.

Ho er både overraska og glad over den store interessa for å delta i sandkassa. Då søknadsfristen for første runde i sandkassa gjekk ut, hadde Laumann og co fått inn 25 søknader. Blant avsendarane finn ein store offentlege aktørar, som Nav, Helse Vest og Universitetet i Tromsø, samt små bedrifter i støypeskeia.

Frå finans til food-tech

- Vi ser stor spreiing hos søkarane, og det er eit godt utgangspunkt for ei allsidig sandkasse. Vi har både små oppstartsbedrifter og store offentlege aktørar. Også tematisk er det spenn frå finans og forsikring til helse, utdanning, spel og til og med food-tech, fastslår ein fornøgd Laumann.

Les meir om den regulatoriske sandkassa på temasida vår

Søkarlista

  • Age Labs AS
  • Agoya AS
  • Akershus universitetssykehus
  • Asker kommune
  • Boneprox AS
  • Centurion AS
  • dedeX
  • GodtlevertGruppen AS
  • goscore
  • Helse Vest
  • KS
  • Nav
  • NCE Finance Innovation
  • Neddy AS
  • NORCE
  • Nordic Brain Tech
  • Norsk Tipping
  • NorStella
  • Secure Practice AS
  • Stiftelsen Norsk Rikstoto
  • UiT Norges arktiske universitet

Nokre av søkarane har søkt om fleire aktuelle prosjekt, slik at det totale talet på søknader er 25.

Klart for leik i gråsona

No får Datatilsynets søknadskomité og ei ekstern referansegruppe jobben med å plukke ut 3-4 prosjekt som får vere med i sandkassas første runde, med oppstart i mars. I sandkassa skal deltakarane leike og lære saman med Datatilsynet med mål om å få teikna opp eit tydelegare kart over juridiske gråsoner. Og, i tråd med Regjeringas strategi for KI, med mål om å få fart på innovasjon av ansvarleg kunstig intelligens i Norge.