SALT står for Secure privacy preserving Authentication using faciaL biometrics to proTect your identity, og er eit prosjekt som tek mål av seg å utvikle ei KI-basert autentiseringsløysing til bruk i både privat og offentleg sektor, for å styke kampen mot svindel og forbedre sluttbrukeropplevinga. Hovudmotivasjonen er å gi eit avansert sikringtiltak for å forhindre ID-tjuveri og kontoovertaking.
Personvernvenlege ansikt
Det er ikkje hemmeleg at både det norske og europeiske datatilsynsmyndigheiter meiner ansiktsgjenkjenning – og særleg ansiktsgjenkjenning i kombinasjon med kunstig intelligent analyse – er eit krevjande og utfordrande tema med høg risiko. Dersom det viser seg at Mobai har kome opp med ei teknologisk løysing som "tek det beste" frå ansiktsgjenkjenning som metode, utan å dra med seg risikoen, er dette personvernvenleg innovasjon med eit stort og spennande potensial.
– For oss er det heilt avgjerande å diskutere bruk av biometri med Datatilsynet, slik at vi kan utvikle ei sikker og personvernvenleg løysing for ansiktsverifikasjon som eit tiltak mot auka svindel, seier Brage Strand, CEO i Mobai.
I ryggen har Mobai solid kompetanse frå fleire hald. Med på laget er BankID, Sparebank1 Østlandet, NTNU og Centre for IT and IP Law ved Universitetet Leuven i Belgia. Dei ønsker altså å sjå på korleis ein kan gjennomføre ansiktsgjenkjenning på ein sikrare måte, som også gir brukaren meir kontroll. Løysinga skal kunne gjere det muleg å bruke ansiktsgjenkjenning for enklare og sikrare autentisering av brukarar av banktenester, og dermed redusere risikoen for svindel og misbruk.
Kva er dokke mest spent på i forkant av prosessen?
– Vi er mest spent på om vi har forberedt oss godt nok i forkant; at vi evner å presentere prosjektet på en enkel og forståelig måte, og ikke minst så ser vi fram til gode diskusjoner rundt utfordringene og mulighetene sammen med Datatilsynet. Vi er også spente på om det i sandkasse-perioden vil dukke opp temaer som vi ikke har tenkt på i forkant.
Last ned prosjektplanen for SALT (pdf)
Følg med på det som skjer i sandkassa ved å abonnere på vårt nyhetsbrev, der du får invitasjoner og informasjon om søknadsfrister, møter, webinarer og arrangement som er relevant for alle som er opptatt av ny, ansvarlig kunstig intelligens.
Meld deg på Sandkassebrevet.