PrevBOT (Politihøgskolen m.fl.)

Politipatruljer på nett i form av digitale robotar som skal avdekke og forhindre mulege overgrep mot barn. Er det vegen å gå i forsøk på å stoppe det som i vår digitale verden har vakse seg til eit folkehelseproblem?

PrevBOT er eit samarbeid mellom Politihøgskolen og Universitetet i Agder. Det er eit konsept for eit verktøy for patruljering på opne sosiale medier, med formål å førebyggje seksuelle overgrep mot barn. Den KI-baserte boten skal kunne kartleggje åtferd som indikerer risiko for seksuelle overgrep, og den skal kunne peike ut sosiale arenaer det er verd å følgje ekstra med på. Den skal kunne identifisere grooming-samtalar via analyse av språk, og den skal kunne predikere alder og kjønn på dei involverte.

Foto Inger Marie Sunde.jpg

– Prosjektet er nybrottsarbeid, der vi manglar gode eksempel å støtte oss på. Det involverer ordensmakta og er sensitivt på mange måtar. Å få utforska prosjektet i sandkassa, er i praksis truleg eit vere eller ikkje vere for prosjektet, seier Inger Marie Sunde, professor ved forskingsavdelinga ved Politihøgskolen.

Det overordna formålet er å førebygge seksuelle overgrep mot barn. Men er det muleg å få til med PrevBOT innanfor gjeldande lover og etiske retningslinjer? Er det teknologisk muleg å få boten til å patruljere med tilstrekkeleg presisjon? Og vil den krevje ein debatt om korleis vi bør og vil bruke ny teknologi? Dei to første spørsmåla skal dette sandkasseprosjektet prøve å gi svar på. Det tredje kjem kanskje på bordet når sluttrapporten er klar til publisering.

Last ned

Følg med på det som skjer i sandkassa ved å abonnere på vårt nyhetsbrev, der du får invitasjoner og informasjon om søknadsfrister, møter, webinarer og arrangement som er relevant for alle som er opptatt av ny, ansvarlig kunstig intelligens.

Meld deg på Sandkassebrevet.