Dragefossen AS får gebyr

Datatilsynet krev kraftselskapet Dragefossen AS for eit gebyr på 150 000 kroner. Gebyret vert gitt etter at selskapet kameraovervaka Rognan sentrum og kringkasta opptaka direkte på internett utan rettsleg grunnlag.

Kraftselskapet har hatt eit panorerande webkamera på toppen av kontorbygget i Rognan sentrum. Det vart kringkasta live på Youtube og selskapets nettsider. Fram til Datatilsynet tok kontakt med selskapet, var det også muleg å spole tilbake inntil 12 timar i direktesendinga.

Områda som blei fanga opp av kameraovervakinga, var mellom anna offentleg veg, parkeringsplass og inngang til to daglegvarebutikkar, apotek, vinmonopol, lokalbank, rådhus og ei rekke andre bygg.

Gjer det muleg å identifisere

På grunn av kvaliteten på bilda og avstanden frå kameraet, var det ikkje mogleg å sjå detaljar i ansikt eller lese registreringsnummer på bilar. Bildekvaliteten var likevel god nok til å kunne identifisere kva type bil enkeltpersonar køyrte, kva type kle dei hadde på seg, hårfarge og andre personlege karakteristikkar eller kjenneteikn. Dette var tilstrekkeleg til at dei som såg på direktesendinga kunne identifisere og følge tilsette, kollegar, venner, familie, kjærestar eller andre kjente.

Datatilsynet har konkludert med at direktesendinga var i strid med artikkel 6 nr. 1 og artikkel 5 nr. 1 bokstav a i personvernforordninga.

I avgjerda er det lagt vekt på at den ulovlege kameraovervakinga ramma eit betydeleg antal peronar, og at mange har blitt overvaka gjentekne gangar, enkelte dagleg. Dei som vart overvaka, var på veg til og frå jobb, skulle handle mat, medisinar eller alkohol, eller oppheldt seg i det aktuelle offentlege området av andre grunnar. Dette er aktivitetar der dei registrerte ikkje forventar at blir overvaka, og dei forventar i endå mindre grad at overvakinga blir direktesendt på internett. Dragefossen AS hadde heller ikkje noko tilknyting verken til dei registrerte eller dei aktivitetane som blei overvaka.

Selskapet har tre vekers klagefrist frå dei mottek vedtaket.

Last ned