Aquateknikk AS får gebyr

Datatilsynet har gjeve Aquateknikk AS eit gebyr på 100 000 kroner for å ha kredittvurdert ein privatperson utan rettsleg grunnlag.

Saka starta som ei klage frå ein person som hadde blitt kredittvurdert av Aquateknikk utan at han hadde noko form for kundeforhold eller annan tilknyting til selskapet.

Personvernforordninga krev at all behandling av personopplysningar har eit rettsleg grunnlag. Kredittopplysningar er ein type personopplysningar som er særs viktige å verne.

Manglar rettsleg grunnlag

I ei kredittvurdering stiller ein saman personopplysningar frå mange ulike kjelder, og endar med ein konklusjon på kor truleg det er at personen vil kunne betale for seg. Ei kredittvurdering vil òg vise detaljar om enkeltpersonars privatøkonomi, slik som gjeldsgrad, betalingsmerknader og kva vedkomande eventuelt har stilt til pant.

Etter å ha undersøkt saka nærmare, har Datatilsynet konkludert med at kredittvurderingane blei gjort utan at kravet til rettsleg grunnlag i personvernforordninga var oppfylt. Verksemda hadde ikkje ei velgrunna interesse i å kredittvurdere klagaren.

Les meir om kredittvurdering og personvern 

- Kan ikkje reglane godt nok

- Sidan ei kredittvurdering inneheld detaljar om privatøkonomi, kan ein oppleve det krenkande når ei verksemd brukar opplysningane utan lovleg grunn, seier juridisk rådgjevar Ole Martin Moe.

- Vi får generelt mange klager som gjeld kredittvurderingar, og vi ser at mange verksemder ikkje kan reglane godt nok. Vi ser alvorleg på denne typen saker, og reagerer som oftast med gebyr for slike lovbrot, avsluttar Moe.

Aquateknikk har tre vekers klagefrist frå dei fekk vedtaket.

Last ned