Overtredelsesgebyr til Tolldirektoratet

Datatilsynet har gitt Tolldirektoratet eit endeleg vedtak om overtredelsesgebyr på 400.000 kroner. Gebyret er nedjustert i forhold til varselet som vart gitt i 2019. Saka gjeld innsamling og bruk av opplysningar frå kamera utan lov.

Datatilsynet varsla i utgangspunktet eit gebyr på 900 000 kronar, men Tolldirektoratet klaga og det endelege vedtaket er delvis omgjort ved at det ikkje lenger vert lagt vekt på avviket om manglande tilgangsstyring.

Gebyret er gitt etter den gamle personopplysningslova, sidan lovbrota skjedde før den nye lova med personvernforordninga trådte i kraft i 2018.

- Det må kunne forventast at ein offentleg etat følgjer dei lovhjemlane dei skal forvalte, og har evne til å raskt rette opp i forholda. Dette har ikkje skjedd, og det er nødvendig med ein reaksjon. Vi skal ha tillitt til offentleg forvaltning og særleg dei som utøver kontroll, uttalte direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, då varselet gjekk ut.

Bakgrunn for vedtaket

Datatilsynet har lagt vekt på at Tolldirektoratet har overvaka over 70 millionar passeringar, der antall berørte personar vert anslått til å vere 7-8 millionar, utan behandlingsgrunnlag. Tolletaten skal drive overvaking av grensekryssande trafikk, men har i tillegg registrert og lagra data frå kamera som Statens Vegvesen har plassert ut rundt om i landet. Dette er kamera som Tolldirektoratet ikkje skal ha tilgang til opplysningar frå.

Tolldirektoratet har behandla opplysningar frå både fastmonterte og mobile kamera. Desse har fanga opp trafikk som ikkje kan karakteriserast som grensekryssande, og kan difor ikkje kan behandlast etter tollova.

Norske borgarar har ei forventning om at det ikkje vert nytta overvakingsmetodar som ulovleg krenkjer retten til privatliv og inneber rettsstridige inngrep i personvernet. Tolldirektoratet hadde kunnskap om avvika utan å rette opp i forholda i tide. Det må i særleg grad forventast at ein offentleg etat er kjent med og følgjer gjeldande personvernlovgivning, og raskt rettar opp i kjende avvik.

Nedjustering av gebyret

Datatilsynet si vurdering er at var eit brot på personopplysningssikkerheita i samband med tilgangsstyring, men at det i denne samanhengen ikkje er nødvendig å reagere. Det var fleire brukarar i Tolletaten som hadde tilgang til lagra opplysningar enn forutsett i forarbeida til tolloven § 13-12. Alle desse hadde imidlertid tjenstlig behov for opplysningane, og det er ikkje konstatert misbruk av opplysningane. Tilsynet ser at dette er blitt handtert tilfredsstillande av etaten, og vel difor ikkje å forfølgje denne delen av saka vidare.

Det endelege gebyret vart på bakgrunn av dette justert ned.

Last ned