Føresette sin tilgang til læringsplattformer

Barn har rett på privatliv og personvern, og føresette bør difor ha avgrensa tilgang til læringsplattformer i skulen. Innsynsretten bør variere ut i frå barnet sin alder og funksjonar i læringsplattforma.

Ifølgje barnelova har barn ned i sjuårsalderen rett til sjølvbestemming i saker av personleg karakter. Elektronisk kommunikasjon er også personleg slik som når eleven bruker chatt, sender e-post og diskuterer med andre elevar og lærarar.

Vi meiner at dei delane av læringsplattformene som omfattar personleg kommunikasjon med andre, ikkje skal vere tilgjengeleg for foreldra. Kva opplysingar foreldra kan få innsyn i må vurderast opp mot til dømes opplæringslova, samt kva opplysingar det vil vere naturleg å ha i samband med oppfølging av barnet.

Informasjon om fråvær

Kontinuerleg tilgang til fråværsinformasjonen er inngripande overfor dei eldre elevane. Difor må skulen gjere ei brei vurdering av kva informasjon som kan seiast å høyre heime i privatsfæren til elevane. I ei slik vurdering vil eleven sin alder og funksjonaliteten i plattforma vere naturlege faktorar som må diskuterast.

Datatilsynet meiner at dei føresette bør ha rett til informasjon om når barnet har passert grensa for akseptabelt fråvær, men dei bør ikkje kunne logge seg inn og sjekke at Ola mellom anna var vekke to timar på tysdag og ein time for tre veker sidan. Dette må som nevnt sjølvsagt vurderast etter alder på barnet.

Skulane bør opprette foreldrekontoar

Føresette kan i utgangspunktet utøve innsynsrett på vegne av barna. Den beste løysinga er å gje foreldra eigne kontoar slik at dei kan halde seg oppdatert på relevant informasjon, og slik at eleven sjølv bestemmer over passord og brukarnamn. Det er betre enn at elevane opplever ”frivillig tvang”, når dei må gje foreldra tilgang til alt eller ingenting. Datatilsynet tilrår at ei slik ordning blir praktisert allereie frå skulestart.

23