Ja, kva er egentleg lov – og kva er langt over streken? Dette foredraget gir konkrete svar på mange og typiske spørsmål, og det er nyttig både for tilsette og arbeidsgivarar.
Foredraget blei først halde for LOs sommerpatrulje. Sommerpatruljen består av unge medlemmar frå fagrørsla som reiser landet rundt for å undersøke arbeidsforhold for unge arbeidstakarar. I møtet med sommervikarar rundt om får dei ofte høyre om forskjellige former for overvaking. Då er det greitt å vere trygg på kva som er lovleg og ikkje.
Foredraget gir ei lettfatteleg innføring i reglane som gjeld, og du får også høyre om dei «raude flagga» – teikn på at overvakinga kanskje ikkje er lovleg. Sjå foredraget og få klarleik i kva som faktisk er tillate. Kanskje oppdagar du noko ved din eigen arbeidsplass du bør ta opp?
Se "Datatilsynet forklarer: Kameraovervåking på arbeidsplassen"