Tilsyn går saman i kampen mot økonomisk kriminalitet
Datatilsynet og Finanstilsynet inviterer bankar til sandkasseprosjekter for å utforske korleis deling av data kan styrke kampen mot økonomisk kriminalitet.
Datatilsynet og Finanstilsynet inviterer bankar til sandkasseprosjekter for å utforske korleis deling av data kan styrke kampen mot økonomisk kriminalitet.
Økonomisk kriminalitet er eit stort samfunnsproblem. Ein ting er dei enorme summane som blir blir tatt frå folk eller lurt unna fellesskapet. Det vert også brukt mange milliardar i forsøk på førebygging. For å bruke desse ressursane meir effektivt, treng vi bedre system for informasjonsutveksling og vilje til deling og samarbeid mellom private og offentlege aktørar. Regelverka er dessutan komplekse, og ein kan oppleve at dei stiller motstridande krav til aktørane.
Datatilsynet og Finanstilsynet vil derfor invitere bankar som jobbar med løysingar for datadeling til å delta i sandkasseprosjekt, der dei vil få støtte og rettleiing frå dei to tilsyna.
– Vi ønsker at bankar skal søke opptak i sandkassa for å utforske tekniske løysingar, nye samarbeidsformer og konsept for trygg deling av data mellom foretak og med myndigheiter, seier direktør i Finanstilsynet Per Mathis Kongsrud.
– Erfaringane vil hjelpe oss å finne hindringar i regelverka, og gi eit godt grunnlag for å vurdere eventuelle behov for utvikling av nytt regelverk innanfor dei grenser personvernet set, seier direktør i Datatilsynet Line Coll.
Det er Finanstilsynet som tek imot søknadane for denne typen prosjekt. Bankar som ønsker å søke om deltaking, kan kontakte Finanstilsynet ved Johan Aasen () eller . Søknadsfristen er 17. januar.
Meir info og søknadsskjema finn du på nettsidene til Finanstilsynets sandkasse.
I sandkassa jobber deltakere sammen med Datatilsynet for å løse spørsmål om personvern. Målet er at tjenesten eller produktet deres følger loven og gir godt personvern.
Datatilsynet gir råd til deltakerne, men konklusjonene er ikke offisielle avgjørelser, vedtakeller godkjenninger. Deltakerne velger selv om de vil følge rådene.
Sandkassa er nyttig for å se på spørsmål der jussen har få praktiske eksempler å vise til. Vi håper rapporten kan hjelpe andre med liknende utfordringer.