Setninga du bør lære deg allereie no

(NB! Aprilsnarr!) Datatilsynet har sett seg lei på at folk set telefonsamtalar på høgtalar utan å informere dei som deltek. Vi vil difor endre lova i kampen for verne dei som hamnar på høgtalar mot sin vilje. I fyrste omgang ønskjer vi å innføre ei standardisert samtykkesetning.

Denne artikkelen ble publisert på 1. april. I noen sammenhenger kan nok samtaler på høyttaler kan være en uting, og noen syns kanskje dette var et bra tiltak, men denne gangen var det bare en aprilspøk. Vi håper dere syns det var litt gøy også.

Ha en fin påske - med eller uten samtaler på høyttaler!

– Eit tilbakevendande tema hos veiledningtenesta i Datatilsynet, er folk som tar kontakt fordi dei har plumpa uti med intime detaljar eller sladder til eit publikum dei ikkje var klar over, forklarer Line Coll, direktør i Datatilsynet.

I samband med ei intern utspørjing om kva tilsynet skal fokusere på framover, var det ingen tvil om kva sak dei tilsette ønskjer å prioritere øvst. Det er nemleg eit stort behov for å få på plass krav til samtykkeinnhenting før telefonsamtalar vert sette på høgtalar når det er andre til stades.

Eit stort problem under bilkjøring og i det offentlege rom

Ein skal ikkje mange år tilbake i tid før det var utenkeleg at telefonsamtalar skulle foregå på høgtalar slik at du i den eine enden av samtalen ikkje har kontroll på kven eller kor mange som høyrer på i den andre enden. Det vart så innført reglar om handsfree under bilkøyring av sikkerhetsmessige grunnar. Dette har gitt personvernutfordringar.

– Kven har vel ikkje ringt og plumpa ut med personlege ting til ein ven, og så viser det seg at vedkommande køyrer bil og har deg på høgtalar samtidig som det er passasjerar i bilen? undrar Coll. – Det er sjølvsagt særs uheldig, og kan lede til at sensitive personopplysningar vert spredde.

Som om det ikkje er ein stor nok trussel for personvernet, tek folk òg denne uvanen med seg ut av bilen. Det er blitt heilt vanleg i det offentlege rom å observere folk som har sett telefonsamtalen på høgtalar. Dette er opplagte situasjonar der ein skal be om samtykke, men det varierer stort kor flinke folk er til å gjere det. Særleg pensjonistar og ungdom er blant dei som ofte nyttar høgtalar utan å be om samtykke først.

Standardiserte setningar kan løyse problemet

Datatilsynets nye lovforslag inneber at alle som er i ein samtale, må få eit tydeleg samtykke før dei kan setje samtalen på høgtalar. Det ligg i sakens natur at det er vanskeleg å gjere skriftleg på førehand. Det kan imidlertid gjerast verbalt over telefonen, men det er viktig at det er eit utvetydig samtykke.

– Vi kan ikkje overlate dette til folk flests formuleringsevner, då kan det lett bli misforståingar. Vi har difor lagt fram eit forslag til standardformulering. Den må lesast opp og bekreftast av dei som er med i samtalen, før ein kan trykke på høgtalarknappen, seier Line Coll som allereie med hell har testa dette ei periode på sine nære.

Forslaget til setning er:

Nynorsk: «Eg ber med dette om juridisk bindande samtykke til å overføre samtalen til høgtalar, med den konsekvens at alt du seier kan tilkomme einkvar som oppheld seg innanfor høyrbar radius av telefonen min. Sei klart og tydeleg JA for å samtykke.»

Bokmål: «Jeg ber med dette om juridisk bindende samtykke til å overføre samtalen til høytaler, med den konsekvens at alt du sier kan tilkomme enhver som oppholder seg innenfor hørbar radius av telefonen min. Si klart og tydelig JA for å samtykke.»

I tillegg blir ein anbefalt å opplyse om kva lydnivå ein har stilt telefonen sin på, og kor mange menneske som er rundt.

– Det er eit komplisert landskap, dette, og mange omsyn å ta, understrekar Coll. – Du må til dømes ikkje byrje å ramse opp namna på dei som er rundt deg og som kan høyre samtalen. Dei har òg rett til personvern. I så fall må du først få samtykke frå dei til å informere om at dei er til stades og kan høyre på samtalen.

Samtykke eller pisk

Datatilsynet håper ei slik lovendring og standardisert samtykkesetning vil kunne få bukt med eit problem som i stadig aukande grad grip inn i og rotar til sosiale forhold for folk. Det er med andre ord berre å lære seg setninga først som sist.

Dersom forslaget til lovendring blir vedteke, vil konsekvensen vere overtredelsesgebyr til dei som har sett telefonsamtalar på høgtalar utan å innhente gyldig samtykke. Satsen vil bli inntil fire prosent av årsløna.

– Eg må seie at eg er særs nøgd med at vi endeleg har fått utforma dette forslaget til lovendring. Vi har verkeleg lytta til kva som er nyttig for folk der ute, og eg er sikker på at vi har folk flest i ryggen når vi no sender inn forslaget til vurdering, seier Line Coll.