Seks søkte på sandkassa

Søknadane kjem frå prosjekt som vil utforske høgaktuelle tema på KI-fronten, som chatbotar, biometri og marknadsføring. 

– Prosjekta som har søkt ser svært interessante ut, så eg er ikkje i tvil om at vi får ein ny runde med spennande utforsking i sandkassa, seier sandkassas programleiar Hallstein Husand.

Då fristen gjekk ut 1. februar, låg det seks søknader i sandkassas innboks. Blant søkjarane er både det offentlege og private representert, store og små. Av desse vil det bli plukka ut to prosjekt for sandkassas fjerde runde.

Datatilsynet_Hallstein_Husand_071_181101.jpg– Vi har ikkje annonsert like aktivt inn mot søknadsfristen som i tidlegare rundar. Det heng saman med at sandkassa er i ein omstillingsfase, der vi skal organisere oss som ein permanent del av Datatilsynet, og derfor vil køyre færre prosjekt i denne fjerde runden, seier sandkassas programleiar Hallstein Husand.

Oppstart til våren

No skal det bli gjort ein grundig opptaksprosess, der alle søkjarane blir invitert på eit intervju. Ei ekstern referansegruppe skal også kome med innspel på kva prosjekt som kan ha god samfunnsnytte eller overføringsverdi til andre aktørar. I midten av mars skal vi kunne kunngjere kva prosjekt som er plukka ut. De utvalte må kunne starte arbeidet i løpet av våren.

Færre, men skarpare

Etter fire søknadsrundar på to år, og ti gjennomførte prosjekt, har det kanskje blitt tydelegare for KI-miljøet kva sandkassa eignar seg til og ikkje.

– Vi ser kanskje ein trend at det er færre «lette» søknader, sånne som ønsker hjelp-til-alt-med-GDPR-og-sånt. No har dei fleste søknadane spissa problemstillingar med overføringsverdi til andre, seier Husand.

– Når det er sagt, håpar vi alle typar aktørar held fram med å ta kontakt. Både fordi det gir oss ein peikepinn på kvar skoa trykkjer der ute, og fordi vi tidvis kan oppdage spissa og spennande problemstillingar søkjaren sjølv ikkje har fått framheva.

Følg med på det som skjer i sandkassa ved å abonnere på vårt nyhetsbrev, der du får invitasjoner og informasjon om søknadsfrister, møter, webinarer og arrangement som er relevant for alle som er opptatt av ny, ansvarlig kunstig intelligens.

Meld deg på Sandkassebrevet.