Sandkasseseminaret 2022

Torsdag 3. november kl. 09-11 blei Sandkasseseminaret 2022 arrangert, eit seminar ope for alle på jakt etter ekte kunnskap om kunstig intelligens og personvern.

Programmet var delt i to bolkar: ein om føderert læring, og ein om kunstig intelligens i helsesektoren. 

Du finn opptak av seminaret nederst på sida. 

  • Tid: torsdag 3. november, kl. 09-11
  • Stad: digitalt

For tida er det så mange prosjekt i sving i sandkassa, at vi i år såg det hensiktsmessig å fordjupe seg i to tema, heller enn å haste gjennom presentasjonar av alle prosjekta. 

Program

0900 - Velkomen v/Datatilsynets direktør Line Coll

0910 - Kunsten å lære av data du ikkje har. Kan føderert læring vere løysinga, der datadeling er vanskeleg? Vi deler lærdom frå Finterais sandkasseprosjekt, og svarar på spørsmål om føderert læring.

0945 - Info: Korleis søke om deltaking i sandkassa?

0950 - Pause

1000 - Algoritme møter pasient. Vi deler erfaringar frå helseprosjekt i sandkassa. Der har vi utforska korleis vi kan sikre oss mot diskriminerande algoritmar, og korleis informasjon om den kunstige intelligensen kan utformast, slik at helsepersonell og pasientar skjønar kva som skjer.

1100 - Slutt