Lanseringswebinar for KS-rapporten

Korleis kan ein gi norske skuleelevar individuell vurdering og tilpassa opplæring ved bruk av læringsanalyse, og samtidig sikre elevane godt personvern? Det har vore det sentrale spørsmålet i Datatilsynets sandkasseprosjekt saman med KS, Utdanningsetaten i Oslo og instituttet SLATE ved Universitetet i Bergen. Onsdag 16. februar blei sluttrapporten frå prosjektet lansert.

Lærarar har i alle år teke notatar og snakka seg imellom for å kartlegge elevanes nivå, tilpasse oppgåver og gi karakterar. Men kva skjer når all denne informasjonen blir laga, lagra og utveksla digitalt? Og kva om ein nyttar kunstig intelligens? I prosjektet Aktivitetsdata for vurdering og tilpasset opplæring (AVT), der KS har fått med Oslo kommune og SLATE/UiB m. fl. på laget, er målet å utvikle ein trygg måte for å gi lærarane digital brukarstøtte når dei skal sørge for at elevane får opplæring tilpassa elevanes individuelle nivå. Brukarstøtteverktøyet vil vere basert på analyser av data frå elevanes bruk av ulike digitale læringsverktøy.

- Vi håpar at vår deltaking i sandkassa vil kunne bidra til å klargjere, gi råd og bidra til å sette læringsanalyse i skulen på den nasjonale agendaen, sa Asbjørn Finstad, avdelingsdirektør i KS, då prosjektet blei teke opp i sandkassa.

No er sluttrapporten klar

I eit drøyt halvår har sandkasseprosjektet sett på personvernutfordringar og gravd etter løysingar som må på plass for ei innføring av eit læringsanalysesystem i skulen. Onsdag 16. februar var lansering av sluttrapporten frå prosjektet ein eigen post på programmet til eit webinar om kunstig intelligens, læringsanalyse og personvern i utdanning i regi av SLATE (Centre for the Science of Learning and Technology).

Sjå programmet for på SLATEs nettsider.

Webinaret va ope for alle, og delar av det blei teke opp og skal vere tilgjengeleg på SLATEs sider.