Høyringssvar om innføring av varslingsdirektivet i norsk rett

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring ei utgreiing om gjennomføring av varslingsdirektivet i norsk rett. Datatilsynet støtter ikkje forslaget, og har gitt høyringssvar med fleire synspunkt til utgreiinga. 

Utgreiinga føreslår eigne rutinar, tidsfristar og ein sentral ekstern varslingskanal for varsel om brot på bestemte EØS-regelverk, mellom anna personvernforordninga. Forslaget vil derfor ha store konsekvensar for Datatilsynet, dersom det blir gjennomført. Utvalet føreslår ein eigen EØS-varslingslov, som skal kome i tillegg til varslingsreglane vi har i arbeidsmiljølova i dag.

Støtter ikkje forslaget

Hovudsynspunkta i Datatilsynets høyringssvar er:

  • Datatilsynet støttar ikkje forslaget om å opprette ein sentral, ekstern varslingskanal.
  • Dersom det blir oppretta ein sentral, ekstern varslingskanal, er Datatilsynets klare oppfatning at tilsynet ikkje kan bli utpeikt til sentral ekstern varslingskanal. 
  • Lovforslaget gjev Datatilsynet aktivitetsplikt for ei rekkje varsel, som vi i dag får inn som tips. Vi estimerer eit meirarbeid på 6-12 årsverk.
  • Lovforslaget innfører klare fristar for klagesaker, som samtidig blir rekna som varsel. Vi bruker i dag store ressursar på desse sakene og estimerer at 2 stillingar vil vere nødvendig for å oppfylle fristane i lovforslaget.
  • Datatilsynet ønskjer klarare reglar for personvern i varslingssaker, både for varsel, i tråd med lovforslaget og for varsel som i dag følgjer arbeidsmiljølova. Også Arbeidstilsynets høyringssvar peiker på behovet for klarare reglar både i og utanfor forslaget til EØS-varslingslov.

Les heile høyringa og alle høyringssvara til utgreiing om gjennomføring av varslingsdirektivet (direktiv (EU) 2019/1937 ) på regjeringen.no.

Last ned