Sandkasseseminaret 2021

Datatilsynets KI-sandkasse inviterte til webinar ope for alle på jakt etter ekte kunnskap om kunstig intelligens måndag 30. august.

Målet med seminaret var å dele kunnskap og erfaringar frå første runde med utforsking i Datatilsynets regulatoriske sandkasse for ansvarleg kunstig intelligens. Representantar frå alle dei fire deltakarprosjekta heldt innlegg om problemstillingar dei har stått i.

Secure Practice tok opp temaet transparens og tillit ved profilering av tilsette. KS å finne rettsleg grunnlag til å bruke KI på elevdata. Age Labs fortalte korleis ein kan bruke anonymisering til betre analyse av helsedata. Og Nav snakka om korleis dei skal få til ansvarleg KI med dei rammene og føringane dei har.

Det var rundt 200 som følgde webinaret. Nokre av dei spurte i chatten om sjølve presentasjonane ville bli delt i etterkant. Svaret er ja. Send e-post til for "bestilling" av presentasjonar.

Programmet

1300 – Velkommen, Datatilsynet

1310 – Secure Practice v/ Erlend Andreas Gjære: Korleis få til transparens og tillit ved profilering av tilsette?

1325 – Nav v/Cathrine Pihl Lyngstad og Tor Halle Rise: Korleis få til ansvarleg KI i Nav?

1340 – KS v/Brian Jørgensen og Malgorzata Cyndecka: Å finne rettslig grunnlag til å bruke KI på elevdata.

1355 – Age Labs v/Karl Trygve Kalleberg: Korleis bruke anonymisering til betre analyse av helsedata?

1410 – Spørsmål frå publikum/info om neste søknadsrunde.

1430 – Slutt.

 

Hold deg oppdatert på hva som skjer i sandkassen, søknadsfrister og  arrangementer ved å abonnere på sandkassens eget nyhetsbrev.

Meld deg på Sandkassebrevet