Sandkassa nominert til pris

Datatilsynets regulatoriske sandkasse har blitt nominert til Bedre stat-prisen 2022, ein pris som premierer prosjekt som har effektivisert eller forbedra offentleg sektor.

– Det er stas å vere i finaleheatet til ein slik pris. Det er nok ei påminning om at det vi gjer er viktig nybrottsarbeid, seier Kari Laumann, som er programleiar for sandkassa.

Sandkassa er ein av tre finalistar til prisen. Dei andre nominerte er høyringssystemet til Utdanningsdirektoratet og NICFI Satellite Data Program under klima- og miljøverndepartementet. Prisen blir delt ut 26. januar i samband med Styringskonferansen.

Sandkassa er nominert for å ta i bruk nye metodar i forsøket på å hjelpe fram innovasjon av kunstig intelligens. Med tradisjonell vegleiing kan ein berre hjelpe eitt prosjekt om gangen. Men med sandkassa får eit knippe prosjekt ekstra grundig vegleiing i byte mot at den felles opparbeida kunnskapen, kan delast med mange. På den måten får vi kartlagt juridiske gråsoner, og hjelpt mange ved å rådgje nokre få.    

Følg med på det som skjer i sandkassa ved å abonnere på vårt nyhetsbrev, der du får invitasjoner og informasjon om søknadsfrister, møter, webinarer og arrangement som er relevant for alle som er opptatt av ny, ansvarlig kunstig intelligens.

Meld deg på Sandkassebrevet.