Personvernkonsekvensar ved ei utviding av gjeldsinformasjonsordninga

Datatilsynet har gitt ein fagleg uttale til Barne- og familiedepartementet om personvernkonsekvensane av ei eventuell utviding av gjeldsinformasjonsordninga til å omfatte fleire typar gjeld. Vi peikar på fleire personvernmessige utfordringar ved ei slik utviding.

Bakgrunnen for uttalen er ei pågåande evaluering av gjeldsinformasjonsordninga som Barne- og familiedepartementet har ansvaret for. Departementet har innhenta Datatilsynet sine personvernfaglege råd, for å få eit best muleg grunnlag for å vurdere om ordninga bør bli utvida til å omfatte fleire typar gjeld.

Utfordringar for personvernet

I tilbakemeldinga til departementet gir Datatilsynet rettleiing i kva vurderingar ein må gjere i forkant av ei eventuell utviding av ordninga. Basert på dei opplysningane vi har fått frå departementet, har vi også gjort ei delvis vurdering av personvernkonsekvensane dersom ordninga blir utvida.

Datatilsynets vurdering tek utgangspunkt i dei grunnleggjande personvernprinsippa. Vi konkluderer med at ei utviding ikkje kan skje innanfor det eksisterande føremålet for gjeldsinformasjonsordninga. Vi peikar også på personvernmessige utfordringar med dagens organisering av gjeldsinformasjonsordninga.

Fakta om gjeldsinformasjonsordninga

  • Blir regulert av gjeldsinformasjonslova og gjeldsinformasjonsforskrifta
  • Formålet med registreringa er å «legge til rette for sikker, ordna og effektiv registrering og utlevering av gjeldsopplysningar for å bidra til betre kredittvurderingar og førebygge gjeldsproblem blant enkeltpersonar»
  • Det er per i dag tre private selskap som har løyve frå Barne- og familiedepartementet til å drive gjeldsinformasjonsføretak
  • Norske og utanlandske finansføretak med verksemd i Norge er pålagde å gi gjeldsinformasjonsføretaka opplysningar om privatpersonars kredittkort og forbrukslån (usikra kreditt)

Last ned