8. desember

Jula er tid for sju slag, og i dagens #juletilsyn følgjer vi tipset om at julenissen manglar magemål når det kjem til eit heilt spesielt kakeslag. For det som er søtt og godt for nissen, har ein bitter bismak for Datatilsynet.

Datatilsynet og cookies_NYN.jpg

Datatilsynet skal ikkje gå Mattilsynet i næringa og kontrollere julebakst. Vi skal heller ikkje trakke i Helsetilsynets bedd, og blande oss inn i folkehelsa. Det er ikkje julenissens favorittbakst vi er ute etter, men nettfunksjonen som rappa namnet til kakene.

Det var visst programmeraren Lou Montulli som i 1994 inkluderte informasjonskapslar i Netscape sin søkemotor, og som kalla det cookie. Passande namn på ein søt, fristande datapakke. No, vel 25 år seinare, blir det nok på verdsbasis konsumert betydeleg fleire slike digitale cookies enn bakverket dei er oppkalla etter.

Ei og anna småkake kan vere bra for både kropp og sjel. Nokre informasjonskapslar er nødvendige. Men i overvakingsøkonomiens tid er det mange som stappar i seg for mykje. Eller sett frå ein forbrukarståstad, blir tvangsfôra med cookies.

Datatilsynets jurister Kristian Bygnes og Anders Obrestad har skrive innlegg på Personvernbloggen om korfor det er lurt å vise måtehald på cookie-fronten.  

Les Personvernbloggen: «Nei takk, vi er forsynt med cookies»

Og i haust gjekk Datatilsynet saman med Forbrukerrådet i felles front for innstramming av cookie-regelverket.

Les artikkelen om dei ønska innstrammingane.

For Datatilsynets representant på Nordpolen er no spørsmålet om nissen har reint mjøl i sine cookies? Han har heilt tydeleg kontroll på kven som er snille barn og ikkje. Er denne kategoriseringa fortsatt basert på handskrivne tips frå vaksne personar med forsørgjaransvar, eller har nissen kasta seg på digital sporing i effektivitetens namn? Og følgjer han eventuelt dataminimeringsprinsippet når han samlar inn informasjon og klassifiserer?

Mens juletilsynet ser på saka, kan du fordjupe deg i Datatilsynets side om cookies og informasjonskapslar.

Les Datatilsynets artikkel om cookies.

Eller les Teknologirådets fine side som skildrar mekanismane i overvakingsøkonomien: Hva er overvåkningsøkonomien?