6. desember

Bryt nissen lova, når han lokkar barn til å sende ønskelister til Nordpolen? Det er spørsmålet som blir reist i dagens #juletilsyn.

0. All I want for Christmas is my two front teeth_3_1220p.jpgSchrems II-dommen, ein prinsipiell dom EU-domstolen kom med i fjor sommar, har fått store konsekvensar for mange som skulle ønske å sende personopplysningar til tredjeland (utanfor EØS-området). Også for julenissen. For det er ingen tvil om at ønskelister med namn, adresse og barns største ønsker, er personopplysningar. Men er det forbode å sende ønskelista til julenissen, då Nordpolen ikkje er ein del av Schengen-området? Eller bryt nissen personvernregelverket når han manar folk til å sende han slike lister?

I etterkant av domen har det vore ein smule uklart kva ein eigentleg skal definere som overføring til tredjeland og ikkje. No har det europeiske personvernrådet sendt eit forslag til retningslinjer på høyring, som skal hjelpe verksemder med å skjønne kva som er og ikkje er rekna som overføring av personopplysning etter personvernforordninga.

Signal frå personvernrådet tyder på at julenissen har sitt på det tørre så lenge folk sender sine personlege ønskelister på eige initiativ ut av EØS. Men kva då med barn som ikkje er skriveføre? Er det greit om ein forelder sender lista? Eller kva om ein annan vaksen person, for eksempel ein lærar, sender ønskelister på vegne av eitt eller fleire barn? Er det lov, eller heng ønska i eit tynt pakkeband. 

Les meir om overføring av personopplysningar ut av EØS.