16. desember

«Gjenbruk og delingsøkonomi skal redde verda», seier julenissen. Men vårt #juletilsyn konkluderer med at julenissen fullstendig har misforstått kva delingsøkonomi er.

Last Christmas_nyn.jpg

Gjenbruk er trendy. Regifting*, som trendnissane kallar det, har gått frå skammeleg til sosialt akseptabelt på rekordtid. Delingsøkonomi er den nye oljen, seier entusiastane. Og julenissen er ein av dei. Han har trass alt fagbrev i utdeling. Det er det han har gjort i heile sitt vaksne yrkesliv.

Problemet er berre at nissen har misforstått kva delingsøkonomi eigentleg er. Han har ikkje skjønt at det handlar om å ta i bruk overskotsressursar i samfunnet, at det handlar om å byte tenester og leige ut bilar, hytter, sofaer eller andre eigedelar i stunder dei elles ville stått unytta. Nissen har oppfatta lovprisinga av delingsøkonomien som ei blankofullmakt til å dele fritt på alt. Også personopplysningar.

Julenissen har, i eit forsøk på å modernisere verksemda si og møte barna der dei er, fått seg ei nettside der barna kan sende inn ønska sine. Juletilsynet har no avslørt at personopplysningar nissen har samla inn der, har blitt delt med andre verksemder utan at dei registrerte – altså all verdas barn – har blitt informert om det. Julenissen skal ha delt oppdatert adresseinfo med både påskeharen og tannfeen.  (For desse som driv i den oppsøkande gåveutdeling- og tannvekslingsbransjen er ikkje folkeregistrerte gateadresser tilstrekkeleg. Dei treng rom- og sengspesifikk leveringsinformasjon.) Sjølv om dei registrerte, barna, kanskje har eigeninteresse i ei slik informasjonsutveksling mellom fantasibedriftene, kan ei slik deling likevel ikkje skje utan samtykke og utan at dei er klar over det.

Juletilsynet har derfor råda nissen til å lese om personvernerklæringar på nettstaden dubestemmer.no, som er utarbeida i godt samarbeid mellom Datatilsynet og Utdanningsdirektoratet. Der kan han (og du) få ei lettfatteleg innføring i kva ei slik personvernerklæring er og kva ho skal innehalde, i tillegg til lettlest informasjon om kva eit gyldig samtykke er.

Om det er noko trøst for nissen, så er han ikkje åleine om å ha trakka – meir eller mindre bevisst – i overvakingsøkonomiens salat. Datatilsynet har nettopp vedteke eit gebyr på 65 millionar kroner til datingappen Grindr, for brot på samtykkekrava i personvernforordninga (GDPR).

Les om Datatilsynets vedtak i Grindr-saka.

Juletilsynet har også råda nissen til å lese ein rapport Forbrukarrådet fekk utarbeida, og som avdekka korleis eit utal selskap samlar store mengder sensitiv persondata via ulike appar, og sel dei vidare i ledd etter ledd, og at det til slutt kan vere umuleg å ha kontroll over kor mange hundre eller tusen hender opplysningane har hamna på. 

Les rapporten Out of Control (pdf).

Julenissen vart lang i maska då han skjønte, at han sjølv hadde blitt del av ein industri som krenkar personvernet til barn og andre forbrukarar.

*regifting = å gi vidare ei gåve du har fått av andre tidlegare eller noko anna som har samla støv i heimen.