Høyringssvar om overvaking av flypassasjerar

Justis- og beredskapsdepartementet ønsker å samle inn flypassasjerinformasjon frå alle norske borgarar, og lagre opplysningane i fem år. I høyringssvaret gjer Datatilsynet det klart at ei slik lagringstid er for lang.

Forslaget som no er på høyring, inneber at flypassasjerinformasjon blir lagra i fem år, og at politiet kan søke for å identifisere personar som frå før ikkje har ei kjent kopling til terrorisme eller alvorleg kriminalitet.

Datatilsynet har forståing for politiets behov for å vite om personar som kjem til landet er mistenkt for eller er knytt til internasjonal terrorisme eller annan alvorleg kriminalitet.

Les mer om høyringa og finn fleire høyringssvar (regjeringen.no)

Lagringstid må kortast inn

Forslaget vil rett nok gi opning for å lagre opplysningane i fem år, med høve til å køyre stordatasøk utan uavhengig førehandskontroll. Opplysningane vil mellom anna innehalde namn, adresse, telefon, e-postadresse, reiserute, namn på personar som reiser saman, setenummer, bestillingshistorikk, betalingsinformasjon, bagasjeopplysningar, passnummer og nasjonalitet.

- Forslaget vil bety at nesten alle norske innbyggjarar vil vere gjenstand for undersøking frå politiet berre fordi dei har vore på utanlandsreise. I eit samfunn der private aktørar sit på store mengder opplysningar, er det sentralt å vere bevisst på kva skrankar det bør vere for statleg innsamling og bruk av desse opplysningane, seier direktør Bjørn Erik Thon.

Skjult overvaking

Ein må sjå forslaget i samanheng med andre lovforslag som inneber overvaking av norske borgarar, slik som tilrettelagt innsamling i ny etterretningslov og innhenting av IP-adresser. Desse forslaga opnar i stadig større grad for skjult overvaking utan uavhengig førehandskontroll.

- Statens evne til å overvake innbyggjarane byggjer ikkje i dag på kva som er teknisk mogeleg, men på politiske og rettslige val om kva opplysningar det er ønskeleg å samle inn, seier Bjørn Erik Thon.

Personvernrådet EDPB (European Data Protection Board) meiner at generell og udifferensiert innsamling av opplysningar om flypassasjerar ikkje er i tråd med EU-retten, mellom anna fordi mengda med opplysningar ikkje er proporsjonal med nytteverdien. I ein rapport frå kommisjonen, viser ein til at innsamla data frå rundt éin milliard passasjerar i året berre har ført til konkrete resultat i 13 saker.

Last ned