Gveik AS får gebyr

Datatilsynet krev eit gebyr på 75 000 kroner frå Gveik AS for å ha gjennomført ei kredittvurdering utan rettsleg grunn.

Ein person utan kundeforhold eller anna tilknyting til Gveik AS vart via eit gjenpartsbrev merksam på at verksemda hadde gjort ei kredittvurdering av seg. Personen klaga difor saka inn til Datatilsynet.

Kredittvurdering for private formål

Personvernforordninga (GDPR) krev at all behandling av personopplysningar har eit rettsleg grunnlag. Når ei verksemd hentar inn ei kredittvurdering, samlar den inn detaljar om enkeltpersonens privatøkonomi. Ei kredittvurdering er eit resultat av personopplysningar frå mange ulike kjelder. I visse tilfelle vil den anslå kor truleg det er at ein person vil kunne betale for seg, og vise eventuelle betalingsmerknader, gjeldsgrad og om vedkomande har pantstilt noko.
Les meir om kredittvurdering og personvern

I denne saka var føremålet med kredittvurderinga privat og heilt utanfor verksemdas forretningsområde. Datatilsynet ser alvorleg på denne typen overtramp, og reagerer normalt med gebyr.

Gveik AS kan klage på vedtaket innan klagefristen.

Last ned