Gebyr til Waxing Palace AS

Datatilsynet krev eit gebyr på 100 000 kroner frå Waxing Palace AS. Verksemda driv ein voksesalong, og der har dei kameraovervaka resepsjonsområdet i strid med personvernforordninga.

Personvernforordninga krev at all behandling av personopplysningar har eit rettsleg grunnlag. Etter å ha undersøkt ein klage på bruk av overvakingskamera i salonglokala, er Datatilsynets vurdering at verksemda ikkje hadde rettsleg grunnlag for kameraovervakinga. Datatilsynet har også konkludert med at verksemda ikkje ga god nok informasjon om overvakinga.

Ulovlig kameraovervaking

- Det er strenge reglar for kva situasjonar det er lov til å overvake med kamera. Dette gjeld særleg på arbeidsplassen. Prinsippa om at behandling av personopplysningar skal vere lovleg og open, er heilt grunnleggande. Brot på desse prinsippa er alvorleg, forklarar juridisk rådgivar Liv Gramer.

- Ein skal alltid vere open med dei ein registrerer personopplysningar om. God informasjon skal mellom anna sikre at det ikkje er tvil om kva område som blir fanga opp av kamera. Den klare hovudregelen er at ingen skal oppleve å bli overraska over at dei blir kameraovervaka, seier Gramer.

Reagerer med gebyr 

Datatilsynet meiner saka er så alvorleg at det er nødvendig å reagere med gebyr.

Kvar og ein har rett til personvern, og dette gjeld også på arbeidsplassen. Ulovleg kameraovervaking kan vere svært belastande for dei tilsette.

- I denne saka har vi lagt vekt på at den ulovlege kameraovervakinga ramma både tilsette og kundar i salongen. Kameraovervakinga omfatta ikkje områder i salongen der behandlingane gjekk føre seg, men vi har lagt vekt på typen verksemd selskapet driv. Mange kundar vil oppleve eit besøk i ein voksesalong som eit privat ærend, og ikkje ein situasjon der ein ventar å bli filma, avsluttar Gramer.  

Gebyret er gitt etter ei totalvurdering av mellom anna kor alvorleg regelbrotet er, og verksemdas økonomi.

Waxing Palace AS har klagefrist til den 20. august 2021.