Cyberbook AS får gebyr

Datatilsynet krev 200 000 kroner i gebyr frå Cyberbook AS for ulovleg automatisk vidaresending av e-posten til ein tidlegare tilsett.

Bakgrunnen for saka er ei klage frå ein tidlegare arbeidstakar i Cyberbook. Personen opplevde at bedrifta hadde aktivert automatisk vidaresending av si personlege e-postkasse i verksemda.

I strid med reglane

Vidaresendinga føregjekk i fleire månader utan at den tidlegare arbeidstakaren fekk informasjon om dette.

Etter å ha undersøkt saka har Datatilsynet konkludert med at vidaresendinga er brot på forskrifta om arbeidsgjevarar og innsyn i e-postkasse og anna elektronisk materiale.

Må etablere rutinar

I tillegg er vår vurdering at verksemda har brote personvernforordninga sitt krav til rettsleg grunnlag, informasjon til den registrerte og plikta til å vurdere protest frå arbeidstakaren, i tillegg til reglane om sletting av personopplysningar.

På bakgrunn av dette har Datatilsynet vedteke at verksemda må etablere skriftlege rutinar for innsyn i e-postkassene til tilsette og tidlegare tilsette, saman med eit pålegg om å betale 200 000 kroner i gebyr for den ulovlege vidaresendinga.

Cyberbook har tre vekers klagefrist frå verksemda mottar vedtaket vårt.