Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Bruk av cookies krev samtykke

Alle som er ansvarlege for ei nettside skal innhente samtykke frå brukarane dersom nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Dette er eit krav i ekomlova.

Kva er ein cookie?

Ein cookie eller ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil. Når du kjem til ei nettside, spør sida nettlesaren din om å få lagre kapselen på maskina di. Dette gjer at nettsida kan huske handlingane eller preferansane dine over tid, og kor ofte du har vore på nettsida.

Krav til samtykke og informasjon

Ekomlova sine vilkår for å bruke cookies er at brukaren har samtykt til dette. Dette krev at det finst klar og tydeleg informasjon tilgjengeleg på den aktuelle nettstaden. Informasjonen skal seie

  • kva for cookies som blir brukt
  • kva opplysingar som blir brukt
  • formålet med bruken
  • kven som brukar opplysingane

Dersom informasjonskravet er oppfylt, er samtykket du gjev gjennom ei innstilling i nettlesaren din tilstrekkeleg. I nettlesaren kan du godta bruk av informasjonskapslar, eller ikke godta slik bruk. Dersom du ikkje ønskjer å samtykke til at cookies blir lagra, kan du skru av funksjonen i nettlesaren din.

Dette gjeld også der nettlesaren allereie er førehandsinnstilt for aksept. Lova krev altså ikkje at brukaren av nettstaden treng å gjere noko aktivt for å godta bruk av cookies, så lenge det finst informasjon tilgjengeleg om korleis informasjonskapslane blir brukt.

Skal vite alt som blir installert

Kravet til samtykke og informasjon skal gi brukaren godt vern når han bruker datamaskin, nettbrett og mobiltelefon. Brukaren skal vite om og gi løyve til alt som blir installert.

Det er den som er ansvarleg for nettstaden som skal gi denne informasjonen, på ein tydeleg og enkel måte, for eksempel i ei personvernerklæring.

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) som fører tilsyn etter ekomlova. På Nkoms nettsider finn du meir om samtykke til og sletting av informasjonskapslar.

Datatilsynet ikkje nøgd med løysinga

Datatilsynet har uttrykt seg kritisk til løysinga, mellom anna fordi den er upraktisk og vanskelig for folk flest å handtere. Det går også å stille spørsmål om kor reelt samtykket til den enkelte er når det er så vanskeleg å unngå informasjonskapslar eller cookies.

Til toppen