Ny lov om KI sendt på høyring

Måndag 30. juni, blei ei ny lov om kunstig intelligens (KI) sendt på høyring frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Lova skal gjennomføre EUs KI-forordning (EUs AI Act), og gjelde frå seinsommaren 2026. Personvern er eit viktig formål bak lova som skal gjelde saman med personopplysingslova.

line-kvadr-lite.jpg– Denne KI-lova vil gje eit meir solid rammeverk for påliteleg og menneskesentrert kunstig intelligens, seier direktør i Datatilsynet Line Coll.

Ei nyvinning med lova er at produsentar og leverandørar blir ansvarlege for at KI-systema er trygge å bruke. KI-forordninga vil stille ulike krav til KI-system, på bakgrunn av risikonivå. Dette kan gjere det lettare for verksemdene å ta i bruk kunstig intelligens for å oppnå innovasjon.

– Mange krav i KI-lova liknar dei som følgjer av personopplysingslova. Dette gjeld for eksempel krav til konsekvensanalyse om grunnleggjande rettar (FRIA) for visse KI-system med høg risiko, som liknar vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA). Gode rutinar for å følgje personopplysingslova, vil derfor vere ein god start i møte med pliktene etter KI-lova, understrekar Coll.

Oppretter KI-sandkasse 

Med lova kjem også ei regulatorisk sandkasse for kunstig intelligens. 
– Datatilsynet ser fram til å bidra med kompetansen vår på personvern og sandkasser, i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet og Nkom, seier Line Coll

Les pressemeldinga frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (regjeringen.no)

Les utkast til ny lov om kunstig intelligens – gjennomføring av EUs forordningen om kunstig intelligens i norsk rett (regjeringen.no)