Både undervegs og i etterkant av sandkasseprosjektet der Datatilsynet og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) såg på korleis NTNU kunne klare å bli «Copilot ready», har dei involverte i prosjektet vore "heite" på foredragsmarknaden. NTNU-gjengen har halde 70 foredrag og innlegg om temaet, og Datatilsynets folk har takka ja til det dei har hatt kapasitet til.
At desse folka er ettertrakta seier noko om behovet for kunnskap om Copilot og annan integrert kunstig intelligens. Derfor har vi filma alt vi har på hjertet om temaet, og samla det i eit interaktivt videounivers, der du via menyar kan navigere deg fram blant over 20 korte filmar med forklaring av teknologien, juridiske vurderingar og praktiske råd, og finne svar på akkurat det du lurer på.
Bruk videoen som ein start for vidare refleksjon. Og del den gjerne med andre som også står midt i vurderingar rundt integrert KI (som f. eks. Copilot).