Får gebyr for ulovleg vidaresending av e-post

Ei verksemd har fått vedtak om gebyr på 250 000 kroner for ulovleg vidaresending av e-posten til ein tilsett. Namnet på verksemda er unntatt offentlegheit for å skjerme identiteten til de tilsette. 

Bakgrunnen for saka er ein klage frå ein person som opplevde at arbeidsgjevaren tok i bruk automatisk vidaresending av e-post.

Arbeidsgjevaren bad arbeidstakaren sette på automatisk vidaresending frå e-postkassa si til ei felles e-postkasse i verksemda. Dette skal ha blitt gjort av omsyn til drifta. 

I strid med reglane

Etter å ha undersøkt saka konkluderer Datatilsynet med at verksemda mangla rettsleg grunnlag for vidaresendinga. Den har skjedd i strid med reglane i forskrifta om arbeidsgjevarens innsyn i e-postkasse og anna elektronisk materiale, i tillegg til kravet om rettsleg grunnlag etter personvernforordninga.

Verksemda hadde heller ikkje utarbeidd rutinar for innsyn i e-post. Datatilsynet viste til at ei utbetring av rutinane vil kunne verke førebyggande mot at det seinare blir gjennomført urettmessige innsyn.

På denne bakgrunn har Datatilsynet fatta vedtak om at verksemda må utbetre internkontrollen og eigne retningslinjer for innsyn i e-postkassene til tilsette. I tillegg får verksemda eit pålegg om å betale 250 000 kroner for å ha overvaka klagarens e-postkasse utan rettsleg grunnlag.

Verksemda har tre vekers klagefrist frå dei mottar vedtaket.

Les meir