Sandkassa har blitt saumfart

No er rapporten klar, etter at sandkassas innsats for innovasjon av kunstig intelligens med godt personvern har blitt evaluert. Datatilsynets direktør opplever rapporten som ei stadfesting av at arbeidet som blir gjort i sandkassa er godt, og at retninga er riktig og viktig.

line 300x300.jpg– Vi får jamt og trutt klapp på skuldra for det som skjer i og rundt sandkassa. Det er likevel godt å få stadfesta at det vi driv med er nyttig, at vi har godt driv og god retning. Og det er ekstra stas når den stadfestinga kjem frå nokon som ikkje berre prøver å vere hyggelege, men har gått oss grundig etter i saumane, seier Datatilsynets direktør Line Coll.

Rapporten gir også nokre konkrete tips til korleis sandkassa kanskje kan få endå meir personvernvenleg KI for pengane. Det er til dømes tips om prioriteringar og om målgrupper vi bør spisse oss inn mot.

– Desse råda er nyttige, og vi har tatt dei med oss inn i arbeidet med å rigge sandkassa som eit permanent tilbod til vegleiing integrert i resten av Datatilsynets organisasjon, seier Coll.

Erfarne, eksterne auge

Det er Agenda Kaupang som har utført oppdraget med evalueringa. Konsulentselskapet er ein svært erfaren aktør innan evaluering, utredning og analyse av offentleg sektor.

Eitt av måla med evalueringa var å få ei vurdering av arbeidet som er gjort med og i sandkassa, sidan prosjektet starta opp i 2020. Men vel så viktig er innspela til korleis vi kan forbetre sandkassa som eit innovasjons- og kunnskapsfremmande tiltak.

Agenda Kaupang gjennomførte intervju med relevante kjelder og gjekk gjennom dokument frå arbeidet. I tillegg gjennomførte dei ei spørjeundersøking, i håp om å få ein peikepinn på i kva grad sandkassa når ut - både med informasjon om sandkassa som tilbod, men også med kunnskapen som vert generert og bør delast.

Last ned

Følg med på det som skjer i sandkassa ved å abonnere på vårt nyhetsbrev, der du får invitasjoner og informasjon om søknadsfrister, møter, webinarer og arrangement som er relevant for alle som er opptatt av ny, ansvarlig kunstig intelligens.

Meld deg på Sandkassebrevet.