Hovudregelen er at mindreårige som er fylt 15 år sjølv kan samtykkje til innhenting og bruk av eigne personopplysningar. For barn som ikkje er blitt 15 år må dei føresette samtykkje til innhenting og bruk av opplysningar om barnet.
To unnatak
Datatilsynet og Forbrukerombodet har sett opp to unnatak frå denne hovudregelen:
- Sensitive personopplysningar skal berre innhentast med samtykke frå foreldra. Sensitive opplysningar er blant anna opplysningar om helse, om etnisk bakgrunn, livssyn, og seksuelle forhold.
- For småkonkurransar og liknande, der enkle kontaktopplysningar berre skal brukast til eventuell premiering og deretter slettast, kan også mindre barn enn 15 åringar samtykkje til deltaking sjølv. Her er det likevel ein føresetnad at opplysningane blir sletta etter premiering, personverntrusselen er vurdert, og klassifisert som særs låg, og at konkurransen er eigna for den aktuelle aldersgruppa.
Hugs at eit samtykke alltid skal kunne trekkjast tilbake, både av den mindreårige og av den føresette. Den mindreårige kan trekkje samtykket tilbake sjølv om den føresette opphavleg ga sitt samtykke til behandlinga. Opplysningane skal alltid slettast når eit samtykke er trekt tilbake. Når den føresette har gitt samtykke for barnet, må nytt samtykkje bli innhenta frå barnet sjølv når det har fått rettsleg handleevne.
Les Datatilsynet og Forbrukerombudet sine retningslinjer om samtykke frå mindreårige (pdf)
Spesielt om opplysningar om mindreårige på Internett
Ver alltid varsam med å publisere bilete, namn og andre opplysningar om barn og unge på Internett. Dette kan ha negative konsekvensar, og ein del barn og føresette ønskjer av ulike grunnar ikkje ei slik publisering.
Det kan vere gode grunnar til å verne barn og unge mot einskilde miljø eller personar. Opplysningar på Internett er søkbare for alle. Det er enkelt å hente inn informasjonen frå inn- eller utland, og bruke han i direkte marknadsføring, vidaresal eller til andre framstøyt overfor mindreårige. Slik bruk av opplysningane er oftast uønskt og i mange høve ulovleg.
Informasjon som mindreårige kan forstå
Eit samtykke skal vere frivillig, uttrykkjeleg og informert. Alle tre krava må vere oppfylte for at samtykket skal vere gyldig. Barn og unge har ikkje like god moglegheit som vaksne til å forstå konsekvensane det kan ha å publisere personleg informasjon på Internett. Informasjonen må derfor tilretteleggjast, og dei føresette skal også informerast.
God og riktig informasjon
For at samtykket skal være gyldig er det naudsynt med god informasjon. Samtykket må baserast på informasjon om formålet med publiseringa, at det er frivillig å gi frå seg opplysningane/bileta, kor lenge opplysningane vil liggje på nettsida, kva konsekvensar og ulemper dette kan ha, og eventuelt annan informasjon som er naudsynt for at dei føresette og den mindreårige skal kunne bruke rettane sine etter personopplysingslova. Dess fleire opplysingar som skal publiserast, dess strengare er krava til informasjon.