Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Fødselsnummer i skule og barnehage

Ein skal ha saklege grunnar til å bruke fødselsnummeret til barn i skule- og barnehagesamanheng. I nokre tilfelle kan det samstundes være nødvendig for å sikre tilstrekkelig identifisering.

Bruk av fødselsnummer i skule

I enkelte tilfeller er faren for forveksling av barna spesielt stor, og konsekvensane av ei forveksling kan få uheldige konsekvensar. Bruk av fødselsnummer kan vere nødvendig for ei sikker identifisering av kvar enkelt elev. Dette kan for eksempel gjelde ved:

  • kommunale samordna opptaksprosessar
  • ulike rapporteringsplikter knytt til karakterar i grunnskulen - her krevs større tryggleik når personopplysningar om mange elevar blir handterte
  • Datatilsynet meiner det ikkje skal vere naudsynt å bruke fødselsnummer i samband med til døme skulemelkordninga.

Bruk av fødselsnummer i barnehage

I barnehagesamanheng vil det finnast spesielle forhold som taler for bruk av fødselsnummer. Slik sikker identifisering er nødvendig:

  • for å kontrollere føresette sitt inntektsforhold i samband med søknad om redusert betaling
  • dersom du som foresatt ønskjer automatisk frådrag i sjølvmeldinga (gjeld for offentlig eigde barnehagar)
  • for å rapportere inn eventuell kontantstøtte til Skatteetaten

Bruk av føresette sitt fødselsnummer

Det same gjeld for bruk av fødselsnummer til dei føresette. Det skal være saklig grunn for å bruke fødselsnummeret, og normalt vil andre måtar å identifisere dei føresette på vere tilfredsstillande.