Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Organisering

Datatilsynet blir leia av direktør Bjørn Erik Thon og har omlag 40 tilsette, fordelt på fire avdelingar.

Datatilsynets organisering

 Direktøren

Bjørn Erik Thon
Bjørn Erik Thon,
direktør

Informasjonsavdelinga - Pressekontakt


Ove Skåra, informasjonsdirektør

Informasjonsavdelinga har ansvar for pressekontakt, heimesida datatilsynet.no og personvernbloggen.no. Vidare gir dei tilsette på avdelinga informasjonsfaglege råd i ulike prosjekt, og produserer rådgivingsmateriale og nyhetsmeldingar.

Avdelinga tar også imot spørsmål om Datatilsynet kan stille med foredragshaldar på ulike møte og konferansar.

Her finn du kontaktinfo til ansatte i informasjonsavdelinga.

 

Tilsyns- og sikkerheitsavdelinga

Helge Veum
Helge Veum,
avdelingsdirektør

Avdelinga har ansvar for å koordinere og leie Datatilsynet si tilsynsverksemd. Dette inneber at det blir gjort kontrollar hos private og offentlege verksemder om korleis dei handterer personopplysningar.

Avdelinga gir også råd om informasjonssikkerheit og svarer på tekniske spørsmål om personvern. I avdelinga sitt ansvarsområde ligg også arbeidet med å lage utgreiingar og analyser, og å ha kontakt med ulike forskingsmiljø. Endeleg har avdelinga også ansvar for interne IT-driftsoppgåver.

 

Juridisk avdeling


Kim Ellertsen,
avdelingsdirektør

Avdelinga gjer enkeltvedtak i ei rekke forskjellige saker, skriv høyringsfråsegner og rapportar, og deltar i tilsynsverksemda. I tillegg stiller juristane jamleg som deltakarar og foredragshaldarar på kurs og konferansar arrangert av andre. Internasjonalt samarbeid blir også prioritert høgt.

Juridisk rådgivingsteneste: Rådgivingstenesta svarer på spørsmål om personvern. Du kan ringe, sende e-post eller brev til oss. Tenesta består av juristar og er ein del av juridisk avdeling.

 

Administrasjonsavdelinga

 avdelingsdirektør
Kjersti Pettersen,
avdelingsdirektør

Avdelinga har ansvar for lønn, rekneskap, budsjett, sentralbord, arkiv, bibliotek, internkontroll og rapportering til overordna departement.

Avdelinga har personalansvar, handsamar krav om innsyn i saksdokument og koordinerer Datatilsynet sitt planarbeid.

Kontaktinfo

Relevant