Råd til deg som brukar mobilappar

Når du bruker ein app på smarttelefonen eller nettbrettet, gir du den som er ansvarleg for å behandle opplysningar i appen (den appansvarlege) tilgang til funksjonar som kontaktlista, samtaleloggen, kameraet, sensorar og liknande.

Du bør vere merksam på kven du deler personopplysningane i smarttelefonen med.

Pass på dette:

  • Før du installerer appen skal du få informasjon om kven den appansvarlege er, og kva opplysningar appen brukar. Les informasjonen og ta stilling til kva du vil godta. Kanskje finst det andre appar med same funksjonalitet som gir deg betre vilkår?
  • Gå inn på nettsida til den appansvarlege, og sjekk personvernerklæringa for å finne meir informasjon om appen.
  • Den appansvarlege skal gi deg informasjon, anten via appen eller nettsidene sine, om kva opplysningar dei samlar inn, kva dei gjer med dei, kor lenge opplysningane blir lagra og korleis du skal gå fram for å få opplysningane sletta eller retta.
  • Still spørsmål ved kvifor appen treng tilgang til kontaktlista, samtaleloggen, kameraet, sensorane og så vidare. Det bør den appansvarlege kunne gi deg svar på, anten via appen eller på nettsidene sine.
  • Ver kritisk til kva for ein app du vel. Sjølv om appene tilsynelatande er gratis, betaler du kanskje med personopplysningane dine.
  • Gjer det til ein regel å sjekke kva for tilgangar appen ber om når du installerer han, og om det stemmer med personvernerklæringa. Sjekk også jevnleg kva for tilgangar appen nyttar medan han er installert på telefonen din.
  • Sørg for å oppdatere appane dine. Ein app som ikkje er oppdatert, kan ha sikkerhetshól som nokon kan utnytte.
  • Gå gjennom kva for appar du har lasta ned, og kva for appar du bruker med jamne mellomrom. Sørg for å avinstallere appar du ikkje brukar.
  • Sørg for å slette alle appar og all personleg informasjon frå apparatet før du donerer, sel eller resirkulerer han. Dette gjer du som regel ved å velje ”gjenopprett fabrikkinnstilling”  på telefonen eller nettbrettet ditt.

Fakta om appar:

  • Lokasjonsdata: Appen kan hente inn lokasjonsdata via GPS, Wifi og info om basestasjonen, og vil dermed kunne spore kvar du er. Du kan sjølv skru av GPS og Wifi, mens info om basestasjonen er vanskelegare å skru av fordi du då stengjer for ordinær kommunikasjon med telefonen.  
  • Identifiserande opplysningar: Dei fleste appane ber om tilgang til namn, adresse, mobiltelefon, e-postadresse, IP-adresse og IMEI-nummer. Den appansvarlege kan nytta opplysningane til å lage ein profil av deg som brukar.
  • Kontaktopplysningar: Når appen innhentar kontaktopplysningar omfattar ikkje dette berre deg som brukar, men kan omfatte andre som du har lagra i kontaktlista di. Grunnleggjande kontaktdata er e-postadresser, namn og telefonnummer. 
  • Sensorar, slik som gyroskop og akselerasjonsmålar kan fortelje mykje om deg og kva du gjer; om du sit i ro, går, spring eller flytter telefonen. Det er også mogeleg å la appen registrere korleis andre rundt deg flytter seg.
  • Kalenderdata: Nokre appar skriv til, og hentar ut kalenderdata. Opplysningane vil ikkje berre vise aktivitetar, men også framtidig og historisk reiseverksemd (lokasjon). Synkroniserer du opplysningane i telefonen med kalenderen på jobben, kan kalenderopplysningane også bli synlege for arbeidsgivaren og kollegaene dine.
  • Kamera og lydaktivering: Dei appane som har tilgang til kameraet ditt aktiverer dette når du ber om det, men somme appar kan også aktivere kameraet og lydopptak-funksjonen utan at du ber om det.